Fagstoff
Video
Innovasjon i treskjerarfaget
Korleis kan vi ta vare på tradisjonshandverk og samtidig bruke det på ein nyskapande måte?
Film: Innovasjon i treskjerarfaget
Even Hansen viser korleis han kombinerer treskjering med digitale verktøy og nye materiale i filmen under (lengde 12:26). Han lèt oss følgje prosessen med å utvikle og lage eit skrivebord, der treskjering blir ein del av bruksområdet.
Video: Even Hansen / CC BY-NC-ND 4.0
Tradisjon og nyskaping
Tradisjonelt blir treskjering brukt som dekor. Even Hansen bruker handverket på ein ny måte. I filmen seier han mellom anna dette:
Det er viktig at vi som utøver eit tradisjonshandverk, er med på utviklinga i samfunnet, samtidig som vi tek vare på kulturarven vår. [...] Finn vi nye bruksområde, kan vi ta vare på tradisjonane og føre dei vidare.
Diskuter
- Er de samde i fråsegna til Even Hansen?
- Kan det oppstå dilemma i spennet mellom tradisjon og nyskaping?
Grunngi svara dykkar.