Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald
Video

Å forme ut frå eit heilt trestykke

Når du skal lage bruksting, må du tenkje form og funksjon. Her viser vi korleis du kan forme eit produkt ut frå eit heilt trestykke eller ut frå ei rirkule. Knut Ivar Sørheim tek deg med i prosessen med å lage ei treskei, og Ove Stødle skaper ein trekopp av ei rirkule.

Treskei i bjørk

Bjørk er eit hardt materiale som ikkje gir smak. Når Knut Ivar Sørheim skal lage ei treskei, startar han med å hogge ut hovudforma og held fram med spantekniv. Holrommet formar han ved hjelp av ein skeikniv og handtaket med ein spikkekniv. Til slutt pussar og oljar han skeia. Du kan følge framgangsmåten i filmen under (lengde 9:44).

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Trekopp laga av ei rirkule i bjørk

Duodji er det tradisjonelle, samiske handverket og kunsthandverket. Ein del av samisk kulturarv er å skape bruksgjenstandar i naturmateriale. I filmen under (lengde 3:18) viser Ove Stødle korleis han utformar ein trekopp, eller ein guksi som det kallast på samisk, ut frå ei rirkule.

Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Rirkule

Ei rirkule er ein utvekst på trestammen. Vedfibrane i rirkuler er vridde og slyngde om kvarandre. Veden får ein hard og vakker struktur som eignar seg godt for treskjering. Ei rirkule blir òg kalla ei kåte.

Tre tilhøyrer grunneigaren. Dersom du vil skjere rirkuler av friske tre, må du ha løyve frå grunneigaren.

Kjelde

Sunding, P., Aarnes, H. & Reusch, M. (2015). Kåter. I Store norske leksikon. https://snl.no/k%C3%A5ter

Relatert innhald

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 16.09.2025