Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Vektorproduktet. Høgrehandsregelen

Her får du øvd på å bruke vektorproduktet og høgrehandsregelen ved hjelp av definisjonen på vektorproduktet. Nedst på sida kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Oppgåve 1

Figurane viser vektorane a→, b→ og c→. Avklar for kvart tilfelle om det er mogleg at c→=a→×b→.

a) På figuren tenker vi oss at a→ og b→ peiker på skrå bort frå oss.

Løysing

Sidan vektorane a→, b→ og c→ følger høgrehandsregelen, kan vi ha at c→=a→×b→.

b) På figuren tenker vi oss at a→ og b→ peiker på skrå bort frå oss.

Løysing

c→ kan ikkje vere kryssproduktet av a→ og b→ sidan vektorane a→, b→ og c→ ikkje følger høgrehandsregelen. Då måtte i tilfelle c→ ha peikt oppover på figuren i staden for nedover.

c) På figuren tenker vi oss at a→ og c→ peiker på skrå bort frå oss.

Løysing

c→ kan ikkje vere kryssproduktet av a→ og b→ fordi c→ ikkje står normalt på a→.

d) På figuren tenker vi oss at b→ og c→ peiker på skrå bort frå oss.

Løysing

Sidan vektorane a→, b→ og c→ følger høgrehandsregelen, kan vi ha at c→=a→×b→.

e) På figuren tenker vi oss at b→ og c→ peiker på skrå bort frå oss.

Løysing

c→ kan ikkje vere kryssproduktet av a→ og b→ sidan vektorane a→, b→ og c→ ikkje følger høgrehandsregelen. Då måtte i tilfelle c→ ha peikt svakt på skrå nedover til høgre på figuren i staden for svakt oppover til venstre.

f) Studer 3D-grafikkfeltet til GeoGebra. Utgjer koordinataksane eit høgrehandssystem?

Løysing

Før vi kan svare på dette, må vi setje opp ei rekkefølge på koordinataksane. Den naturlege rekkefølga er den alfabetiske, altså x-y-z. I denne rekkefølga følger koordinataksane høgrehandsregelen.

Oppgåve 2

På figuren er c→=a→×b→.

a) Kva får vi dersom vi tek b→×a→?

Løysing

Både for a→×b→ og b→×a→ gjeld at resultatet er lik a→·b→·sinθ. Så vektoren b→×a→ må vere like lang som c→. Når a→ og b→ byter plass, gir høgrehandsregelen at kryssproduktet må vere ein vektor i motsett retning av c→. Det betyr at

a→×b→=c→   ⇔   b→×a→=-c→

b) Kva får vi dersom vi tek -a→×b→?

Løysing

-a→ vil gå nedover mot høgre på figuren, det vil seie i motsett retning av a→. Då vil høgrehandsregelen gi ein vektor som peiker i motsett retning av c→. Lengda av -a→×b→ blir

-a→×b→=-a→·b→·sin180°-θ=a→·b→·sinθ=c→

Det betyr at

-a→×b→=-c→

c) Kva får vi dersom vi tek a→×a→?

Løysing

Vi ser på lengda av a→×a→.

a→×a→=a·a·sin0°=0

Ein vektor med lengde lik 0 kallar vi nullvektoren, eller 0→. Ein vektor kryssmultiplisert med seg sjølv gir derfor nullvektoren som resultat. Vi får

a→×a→=0→=0,0,0

d) Kva blir resultatet av u→×v→ dersom u→∥v→?

Løysing

Dersom u→∥v→, får vi

u→×v→=u→·v→·sin0°=0

Det betyr at

u→×v→=0→=0,0,0

Oppgåve 3

a) Finn ex→×ey→ ved å bruke definisjonen på vektorproduktet.

Løysing

Vi har frå oppgåve 4.1.30 f) at koordinataksane følger høgrehandsregelen. Det betyr at vektoren som er resultatet av ex→×ey→, må peike i positiv z-retning sidan han skal stå normalt på både ex→ og ey→. Så ser vi på lengda av vektoren:

ex→×ey→=ex→·ey→·sin∠ex→,ey→=1·1·sin90°=1

Vektoren med lengde 1 og retning i positiv z-retning er ez→. Vi får derfor at

ex→×ey→=ez→

b) Finn på tilsvarande måte ey→×ez→.

Løysing

Sidan koordinataksane følger høgrehandsregelen i rekkefølga x-y-z, vil dei òg gjere det i rekkefølga y-z-x. Ved å la peikefingeren peike i positiv y-retning og langfingeren i positiv z-retning vil tommelfingeren peike i positiv x-retning. Ved å følge tilsvarande resonnement som i a) får vi at

ey→×ez→=ex→

c) Finn på tilsvarande måte ey→×ey→.

Løysing

I oppgåve 4.1.31 c) såg vi at ein vektor kryssmultiplisert med seg sjølv gir nullvektoren som svar. Då får vi

ey→×ey→=0→

d) Skriv opp eit vektorprodukt mellom to av einingsvektorane slik at resultatet blir ey→.

Løysing

Vi treng riktig rekkefølge på koordinataksane når rekkefølga skal slutte på y. Det må bli z-x-y. Det betyr at

ey→=ez→×ex→

e) Skriv opp eit vektorprodukt mellom to av einingsvektorane slik at resultatet blir -ex→.

Løysing

Vi har frå oppgåve b) at ex→=ey→×ez→. I oppgåve 4.1.21 a) såg vi at

a→×b→=c→   ⇔   b→×a→=-c→

Det betyr når vi byter om på vektorane som blir kryssmultiplisert, får vi den same vektoren, men motsett retta. Då får vi

-ex→=ez→×ey→

Oppgåve 4

Kvifor har vektorproduktet i utgangspunktet inga meining i eit todimensjonalt koordinatsystem?

Forklaring

I ei todimensjonal verd kan vi ikkje tenke oss ein vektor som står normalt på to vektorar som ikkje er parallelle, for då må vi bevege oss ut i den tredje dimensjonen.

Oppgåve 5

Vi har gitt vektorane a→=1,2,3 og b→=-2,1,-3. Bruk definisjonen av vektorproduktet og finn koordinatane til a→×b→. Prøv å løyse oppgåva utan hjelpemiddel først. Kontroller svaret med CAS etterpå.

Løysing

Løysing utan hjelpemiddel

Vi byrjar med å finne lengda a→×b→.

a→×b→=a→·b→·sinθ

der θ er vinkelen mellom a→ og b→.

a→=12+22+32=1+4+9=14

b→=-22+12+-32=4+1+9=14

Vi kan bruke skalarproduktet av a→ og b→ til først å finne cosθ for deretter å finne sinθ ved hjelp av einingsformelen.

a→·b→ = a→·b→·cosθcosθ = a→·b→a→·b→= 1,2,3·-2,1,-314·14= -2+2-914= -914

cos2θ+sin2θ = 1sinθ = 1-cos2θ= 1--9142= 1-81196= 196-81196= 114115

Kommentar: Einingsformelen gir òg at sinθ=-1-cos2θ, men sidan vinkelen mellom to vektorar ikkje kan vere større enn 180°, treng vi ikkje denne løysinga. Vi får

a→×b→ = a→·b→·sinθ= 14·14·114115= 115

No set vi a→×b→=x,y,z. Vi har tre ukjende vi skal finne, og vi treng tre likningar. Vi kan setje opp desse krava:

  1. a→·a→×b→ = 01,2,3·x,y,z = 0x+2y+3z = 0 

  2. b→·a→×b→ = 0-2,1,-3·x,y,z = 0-2x+y-3z = 0

  3. a→×b→ = 115x2+y2+z2 = 115

Vi kan starte med å legge saman dei to første likningane for å eliminere z. Då får vi

x+2y+3z-2x+y-3z = 0-x+3y = 0x = 3y

Vi set resultatet inn i likning 1.

3y+2y+3z = 03z = -5yz = -53y

Vi set desse to resultata inn i likning 3.

x2+y2+z2 = 1153y2+y2+-53y2 = 11510y2+259y2 = 1152y2+59y2 = 2318y2+5y2 = 20723y2 = 207y2 = 9y = ±3

Det er berre den eine løysinga som kan vere rett. For å finne kva for ei av desse løysingane som er rett, kan vi sjå på i kva del av koordinatsystemet a→ og b→ ligg i. Vi lagar ei rask skisse som viser omtrent kvar dei to vektorane ligg.

a→ ligg i den delen av koordinatsystemet der alle koordinatane er positive. b→ ligg i den delen med negativ x- og z-koordinat og positiv y-koordinat.

Ut ifrå biletet gir høgrehandsregelen at a→×b→ må peike til venstre i biletet og ha negativ x-koordinat. Sidan x=3y, har x og y same forteikn. Derfor slår vi fast at

y=-3

Då får vi vidare at

z=-53y=-53·-3=5

og

x=3y=3·-3=-9

Vi får til slutt at

a→×b→=-9,-3,5

Løysing med CAS

Som ved løysing utan hjelpemiddel må vi inn med ei skisse og prøve å bestemme kva for ei av løysingane som er rett, det vil seie kva for ei av løysingane som gjer at a→, b→ og a→×b→ følger høgrehandsregelen. Med same resonnementet får vi den same løysinga:

a→×b→=-9,-3,5

Sluttkommentar: Dette er ein veldig tungvint måte å finne koordinatane til a→×b→ på. På teorisida "Vektorproduktet. Koordinatformel" kan du lære ein mykje raskare metode.

Nedlastbare filer

Her kan du laste ned oppgåvene som Word- og pdf-dokument.

Skrive av Bjarne Skurdal.
Sist oppdatert 03.09.2025