a) Finn eventuelle stasjonære punkt og vendepunkt, og analyser krummingsforholda i grafen til funksjonen med CAS.
Løysing
Linje 2 gir at det er eitt stasjonært punkt, for . Samtidig er den dobbeltderiverte null for same x-verdi (linje 3). Linje 4 i CAS-utrekninga gir at den dobbeltderiverte skiftar forteikn ved . Då har vi eitt vendepunkt som òg er eit terrassepunkt, og koordinatane er .
Linje 4 gir òg at grafen vender den hole sida ned når , og den hole sida opp når .
Grafen til funksjonen har ingen topp- eller botnpunkt.
b) Finn den absolutte maksimal- og minimalverdien til funksjonen dersom dei eksisterer.
Løysing
Vi veit at ein tredjegradsfunksjon som ikkje har avgrensa definisjonsmengde, går mot uendeleg når x går mot uendeleg, og mot minus uendeleg når x går mot minus uendeleg, eller motsett. Funksjonen h har derfor ingen absolutt maksimal- eller minimalverdi.
Finn eventuelle stasjonære punkt, og analyser krummingsforholda i grafen til funksjonen med CAS.
Løysing
Merk at i linje 5 har vi sett opp tre utrekningar på listeform for å spare plass. Vi kunne òg delt det opp i éi utrekning på tre linjer.
Linje 2 gir at det er to stasjonære punkt, for og for . Linje 3 og 4 gir at det er to vendepunkt, , sidan den dobbeltderiverte skiftar forteikn ved begge x-verdiane. Samtidig får vi at grafen vender den hole sida opp når , og når , og den hole sida ned når .
Det andre vendepunktet, , er samtidig eit terrassepunkt sidan den deriverte er null for .
Linje 4 gir òg at det andre stasjonære punktet, , er eit botnpunkt sidan den dobbeltderiverte er positiv.
Samanfatning av punkta:
vendepunkt: og
terrassepunkt:
botnpunkt:
b) Finn den absolutte maksimal- og minimalverdien til funksjonen dersom dei eksisterer.
Løysing
Vi veit at ein fjerdegradsfunksjon med positiv koeffisient framfor fjerdegradsleddet vil gå mot uendeleg både når x går mot pluss uendeleg, og minus uendeleg når definisjonsmengda er uavgrensa. Funksjonen vil ha eit absolutt minimum i eitt av botnpunkta, som her vil seie at funksjonen har absolutt minimum .
c) Funksjonen q er gitt ved
Finn eventuelle stasjonære punkt, og analyser krummingsforholda i grafen til funksjonen med CAS.
Løysing
Linje 2 gir at det er eitt stasjonært punkt for . Linje 3 og 4 gir at grafen ikkje har nokon vendepunkt sidan den dobbeltderiverte ikkje skiftar forteikn ved . Samtidig får vi at grafen alltid vender den hole sida opp sidan den dobbeltderiverte aldri er negativ.
Linje 4 og linje 5 gir at det stasjonære punktet, , er eit botnpunkt sidan den dobbeltderiverte er positiv.
Figuren viser grafen til ein funksjon g og tangenten til grafen i det raude punktet. Figuren er interaktiv. Punktet kan flyttast langs grafen, og du kan lese av likninga til tangenten og koordinatane til punktet.
a) Bruk figuren, ved å flytte på punktet og lese av punktkoordinatane og likninga til tangenten, til å finne eventuelle
Det er lurt å følge med på stigningstalet til tangenten når du skal finne ekstremalpunkt og vendepunkt.
Løysing
Nullpunkta er .
Grafen har eit toppunkt for med tilhøyrande lokalt maksimum .
Grafen har eit botnpunkt for med tilhøyrande lokalt minimum .
Funksjonen har absolutt minimum og absolutt maksimum .
Grafen har vendepunkta .
Vendetangentane, i same rekkefølge som vendepunkta dei høyrer til, er .
b) Teikn forteiknslinjene til og . Bruk informasjonen frå oppgåve a).
Løysing
Forteiknsskjema for funksjonen g, den deriverte og den andrederiverte
c) Kva fortel forteiknslinjene til og om ein funksjon g og grafen til funksjonen?
Løysing
Forteiknslinja til g fortel kvar grafen til funksjonen ligg over x-aksen, kvar han ligg under x-aksen, og kvar han treffer x-aksen (nullpunkt).
Forteiknslinja til fortel kvar grafen til funksjonen stig, kvar han søkk, og kvar han har stasjonære punkt (topp-, botn- eller terrassepunkt). Han fortel altså om monotonieigenskapane til funksjonen.
Forteiknslinja til fortel kvar grafen til funksjonen vender den hole sida ned, kvar han vender den hole sida opp, og kvar han har vendepunkt. Han fortel altså om monotonieigenskapane til den deriverte.
eventuelle ekstremalpunkt og lokale og absolutte ekstremalverdiar
eventuelle vendepunkt
eventuelle vendetangentar
Løysing
Vi veit frå før at grafen til ein tredjegradsfunksjon som ikkje har avgrensa definisjonsmengde, ikkje kan ha nokon absolutte ekstremalverdiar.
Vi deriverer .
Vi set først for å sjå etter ekstremalpunkt.
Det er berre i nullpunkta at uttrykket for den deriverte kan skifte forteikn. Vi vel derfor tilfeldige tal i kvart av dei aktuelle intervalla og ser om uttrykket er positivt eller negativt. Alternativt kan vi bruke dobbeltderiverttesten.
Vi kan då setje opp forteiknslinja til .
Vi ser av forteiknslinja at grafen til f har eit toppunkt når .
Den tilhøyrande lokale maksimalverdien er
Toppunktet er .
Grafen til f har eit botnpunkt når .
Den tilhøyrande lokale minimalverdien er
Botnpunktet er .
Vi set så .
Vi har at den dobbeltderiverte er ei rett linje med positivt stigningstal. Då er den dobbeltderiverte mindre enn null for x-verdiar mindre enn nullpunktet og større enn null for x-verdiar større enn nullpunktet.
Å drive med funksjonsanalyse med Python er ikkje alltid enkelt. I denne oppgåva skal vi vise eit døme på kva vi kan gjere med Python med utgangspunkt i den førre oppgåva der funksjonen f er gitt som
a) Skriv koden til ein eigendefinert funksjon f som reknar ut funksjonsverdiar til .
LøysingPython
1deff(x):2return x**3 − 3*x**2 − 9*x +10
Når vi skal gjere berekningar av den deriverte med Python, kan vi bruke tilnærminga
og bruke ein veldig liten verdi for . Uttrykket over blir òg kalla Newtons koeffisient.
b) Skriv koden til ein eigendefinert funksjon df som reknar ut tilnærma verdiar for den deriverte ved hjelp av Newtons koeffisient. Set .
Tips til oppgåva
Bruk den eigendefinerte funksjonen f frå oppgåve a) inni funksjonen df.
LøysingPython
1defdf(x):2return(f(x +0.0001) − f(x))/0.0001
c) Vi ønsker å finne ein tilsvarande måte å rekne ut tilnærma verdiar for den dobbeltderiverte funksjonen på.
Finn eit tilnærma uttrykk for den dobbeltderiverte ved å ta utgangspunkt i tilnærminga for den deriverte, Newtons koeffisient.
Tips til oppgåva
Sjå på som ein eigen funksjon som skal deriverast.
Løysing
Vi bruker det tilnærma uttrykket for den deriverte når funksjonen som skal deriverast, er .
d) Skriv kode som løyser oppgåve 5 med Python. Bruk resultata i a), b) og c). Programmet skal lage svarsetningar av typen "Funksjonen har eit botnpunkt i .".
Tips til oppgåva
For å finne nullpunkt til til dømes den deriverte kan vi lage ei lykkje der x går gjennom det aktuelle området i små steg og sjekke forteiknet på produktet . Dersom resultatet er negativt, veit vi at vi har eit nullpunkt mellom noverande verdi av x og , det vil seie omtrent ved .
Denne testen vil ikkje finne terrassepunkt, det vil seie punkt der både den deriverte og den dobbeltderiverte er null. Årsaka til det er at den deriverte ikkje skiftar forteikn der, og då kan aldri produktet som vi testar på, bli negativt. Vi kan i staden sjekke om eit nullpunkt for den dobbeltderiverte er eit terrassepunkt ved å teste om den deriverte i punktet er tilnærma lik 0, til dømes at
Dette er likevel ikkje ein heilt sikker test og vil ikkje fungere på alle typar funksjonar, sidan det kan tenkast at den deriverte i eit vendepunkt er ganske liten (men ikkje heilt lik null).
Kva er det aktuelle området for x når funksjonen ikkje har ei avgrensa definisjonsmengde? Her må vi eigentleg berre prøve oss fram. Sidan koeffisienten framfor tredjegradsleddet er 1, vil funksjonen ganske raskt gå mot anten pluss eller minus uendeleg. Vi prøver med x-verdiar i intervallet .
For å finne likninga for vendetangenten tek vi utgangspunkt i eittpunktsformelen
der er x-koordinaten til vendepunktet, og vi løyser likninga med omsyn på y.
Løysing
Forslag til kode:
Python
1# definerer funksjonen2deff(x):3return x**3-3*x**2-9*x +1045# tilnærming til den deriverte6defdf(x):7return(f(x +0.0001)- f(x))/0.000189# tilnærming til den dobbeltderiverte10defddf(x):11return(df(x +0.0001)- df(x))/0.00011213# finn ekstremalpunkta14x_verdi =-1015trinn =0.00011617# lykkje som finn topp- og botnpunkt 18while x_verdi <=10:19if df(x_verdi)*df(x_verdi + trinn)<0:20 nullpunkt = x_verdi +0.5*trinn
21if ddf(nullpunkt)>0:# dobbeltderiverttesten22 punkttype ="botnpunkt"23else:24 punkttype ="toppunkt"25print(f"Funksjonen har {punkttype} i ({nullpunkt:.2f}, {f(nullpunkt):.2f}).")26 x_verdi = x_verdi + trinn
2728# finn vendepunkta, ev. om dei er terrassepunkt, og vendetangentane29x_verdi =-1030trinn =0.00131while x_verdi <=10:32if ddf(x_verdi)*ddf(x_verdi + trinn)<0:33 nullpunkt = x_verdi +0.5*trinn
34ifabs(df(nullpunkt))< trinn:35print(f"Funksjonen har terrassepunkt og vendepunkt i ({nullpunkt:.2f}, {f(nullpunkt):.2f}).")36else:37print(f"Funksjonen har vendepunkt i ({nullpunkt:.2f}, {f(nullpunkt):.2f}).")38 konst_ledd =-df(nullpunkt)*nullpunkt + f(nullpunkt)39print(f"Vendetangenten har likninga y = {df(nullpunkt):.2f}x{konst_ledd:+.2f}.")40 x_verdi = x_verdi + trinn
Vi får denne utskrifta:
"Funksjonen har toppunkt i .
Funksjonen har botnpunkt i .
Funksjonen har vendepunkt i .
Vendetangenten har likninga ."
Dette programmet fungerer fint på denne funksjonen. Det er ikkje sikkert at det fungerer på alle typar funksjonar. Prøv gjerne programmet på dei andre oppgåvene på denne sida. Til vanleg vil vi ikkje bruke Python til funksjonsanalyse, men det kan vere greitt å bruke på funksjonar som er vanskelege å analysere på annan måte.
Kommentar til koden:
I linje 39 har vi lagt til ein "+" i formateringskoden til utskrifta. Plussteiknet tvingar Python til å ta med forteiknet til variabelen anten det er pluss eller minus. På denne måten blir det alltid rett teikn framfor det konstante leddet i tangentlikninga.
Finn eventuelle vendepunkt, og analyser krummingsforholda i grafen til funksjonen utan hjelpemiddel.
Løysing
Vi veit at vi kan finne vendepunkt der den dobbeltderiverte skiftar forteikn.
Derfor finn vi eit uttrykk for den dobbeltderiverte.
Vi viser rekning for hand, men løys gjerne oppgåva i CAS òg.
Vi observerer at den dobbeltderiverte er positiv eller lik 0 i heile definisjonsområdet. Det betyr at vi ikkje har nokon vendepunkt, og at alltid vender den hole sida opp.
b) Funksjonen er gitt ved
Finn eventuelle vendepunkt, og analyser krummingsforholda i grafen til funksjonen utan hjelpemiddel.
Løysing
Vi finn eit uttrykk for den dobbeltderiverte:
Vi observerer at den dobbeltderiverte ikkje er definert for . Det betyr at vi må undersøke om han skiftar forteikn her. Vi veit at funksjonen er kontinuerleg overalt elles, derfor er det berre her han kan skifte forteikn.
Vi testar og :
Vi ser at den dobbeltderiverte skiftar forteikn når , dermed har vi eit vendepunkt på grafen i .
Sidan den dobbeltderiverte er positiv for og negativ for , har vi at grafen vender den hole sida opp for negative verdiar av x og ned for positive verdiar av x.
c) Funksjonen er gitt ved
Finn eventuelle vendepunkt, og analyser krummingsforholda i grafen til funksjonen.
Løysing
Vi startar med å finne eit uttrykk for den dobbeltderiverte. Du kan løyse det for hand ved hjelp av brøkregelen for derivasjon, men vi vel å løyse i CAS:
Linje 2 gir oss at den deriverte ikkje har noko nullpunkt. Vi sjekkar om den deriverte skiftar forteikn ved å løyse dei to ulikskapane i linje 3 og 4. Vi ser at den dobbeltderiverte er positiv for , og dermed vender funksjonen den hole sida opp i dette området. Den dobbeltderiverte er negativ for , og funksjonen vender den hole sida ned her. Vi har likevel ikkje eit vendepunkt her, fordi vi kan sjå at ikkje er definert for . Ein funksjon kan ikkje ha eit vendepunkt i eit punkt som ikkje finst!
d) Funksjonen er gitt ved
Finn eventuelle vendepunkt, og analyser krummingsforholda i grafen til funksjonen utan hjelpemiddel.
Løysing
Vi veit at grafen til ein andregradsfunksjon med positivt andregradsledd alltid har den hole sida opp, så vi veit at grafen til har den hole sida opp for . Grafen til ein tredjegradsfunksjon som er definert for heile , har eit vendepunkt. Vi må undersøke om dette vendepunktet ligg innanfor definisjonsområdet, og vi må òg sjå på den dobbeltderiverte for å avgjere krummingsforholda for .
Vi deriverer tredjegradsuttrykket to gonger:
Vi observerer at den dobbeltderiverte er ei rett linje som har eit nullpunkt i , altså har grafen til funksjonen eit vendepunkt her. Den dobbeltderiverte er positiv for , så grafen vender den hole sida opp her. I intervallet vender grafen til funksjonen den hole sida ned.
Vi legg merke til at vi ikkje har eit vendepunkt for sjølv om grafen til funksjonen skiftar krumming her, fordi funksjonen ikkje er definert for .
e) Kan du endre på vilkåra for funksjonen i d) slik at han har to vendepunkt?
Løysing
Dersom vi sørger for at endepunktet er i eitt av vilkåra, vil funksjonen vere kontinuerleg i dette punktet, og vi får eit vendepunkt. Funksjonen kan då sjå slik ut:
f) Dersom vi flyttar delingspunktet i funksjonen i e) til , får vi den følgande funksjonen:
Forklar kvifor denne funksjonen ikkje har eit vendepunkt i
Løysing
Denne funksjonen er ikkje kontinuerleg i , derfor er dette ikkje eit vendepunkt for funksjonen.
Finn alle ekstremalpunkt, terrassepunkt og vendepunkt til funksjonen. Finn òg den absolutte maksimal- og minimalverdien til funksjonen dersom dei eksisterer.
Løys oppgåva utan hjelpemiddel først, og kontroller løysinga med CAS etterpå.
Løysing utan hjelpemiddel
Vi deriverer funksjonen og finn nullpunkta til den deriverte:
Vi finn den andrederiverte og bruker han til å bestemme kva slags type stasjonært punkt vi har i nullpunkta til den deriverte (andrederiverttesten):
Vi må hugse å sjekke endepunkta.
Grafen til funksjonen har toppunkt i og botnpunkt i . Funksjonen har absolutt minimum og absolutt maksimum .
Så sjekkar vi for vendepunkt:
Vi har frå før at , så funksjonen har eit vendepunkt for .
Grafen til funksjonen f har vendepunktet .
Løysing med CAS
Frå linje 1–4 får vi at grafen til funksjonen har toppunkt i og botnpunkt i . Funksjonen har absolutt minimum og absolutt maksimum .
Frå linje 5 og 6 har vi at grafen til funksjonen f har vendepunktet .
Finn alle ekstremalpunkt, terrassepunkt og vendepunkt til funksjonen. Finn òg den absolutte maksimal- og minimalverdien til funksjonen dersom dei eksisterer.
Løys oppgåva utan hjelpemiddel først, og kontroller løysinga med CAS etterpå.
Løysing utan hjelpemiddel
Vi deriverer funksjonen og finn nullpunkta til den deriverte:
Vi finn den andrederiverte og bruker han til å bestemme kva slags type stasjonært punkt vi har i nullpunkta til den deriverte (andrederiverttesten):
Vi må hugse å sjekke endepunktet for . (Kvifor treng vi ikkje å sjekke for ?)
Grafen til funksjonen har eit toppunkt i origo og botnpunkt i . Funksjonen har absolutt minimum .
Vi kan sjekke om origo har den absolutte maksimalverdien til funksjonen ved å rekne ut grenseverdien for f når x går mot 7:
Grenseverdien er større enn y-koordinaten til toppunktet (origo). Sidan 7 ikkje er med i definisjonsmengda til funksjonen, har f ingen absolutt maksimalverdi.
Så sjekkar vi for vendepunkt:
Vi har frå før at , så grafen til funksjonen har eit vendepunkt for .
Funksjonen f har vendepunktet .
Løysing med CAS
Frå linjene 1–5 får vi at funksjonen har eit toppunkt i origo og botnpunkt i . Funksjonen har absolutt minimum . Funksjonen har ikkje noko absolutt maksimum. Frå linje 3, 6 og 7 får vi at funksjonen har vendepunktet .
b) Forklar korleis du kan endre litt på definisjonsmengda slik at funksjonen får absolutt maksimum lik .
Løysing
Dersom vi set slik at det øvre endepunktet er med i definisjonsmengda, får vi frå utrekninga av grenseverdien i oppgåve a) at funksjonen har absolutt maksimum .
c) Funksjonen g er gitt ved
der a er ein vilkårleg konstant.
Kva for verdiar kan a ha for at funksjonen skal ha absolutt maksimum lik 0?
Løysing
Funksjonsuttrykket til g er det same som i oppgåve a) og b). Definisjonsmengda må være slik at toppunktet i origo er høgaste verdi. Vi fortset utrekninga med CAS frå oppgåve a) og finn dei andre nullpunkta til funksjonen.
Grafen til funksjonen ligg under x-aksen mellom dei to nullpunkta sidan vi har frå a) at det er eit botnpunkt for . Det øvre endepunktet i definisjonsmengda til g må derfor vere frå og med 0 til og med 6. For at funksjonen skal ha absolutt maksimum lik 0, må derfor
d) Kva må a vere for at den absolutte maksimalverdien skal vere lik ?
Løysing
Vi må finne ut for kva x-verdiar funksjonen har verdien .
Sidan maksimalverdien skal vere negativ, kan ikkje definisjonsmengda gå så langt som til toppunktet i origo. Dei to siste løysingane er større enn null. For at den absolutte maksimalverdien skal vere lik , må vi ha at .