Mikrometer
Det finst både mekaniske og digitale mikrometer. Det mekaniske mikrometeret har ei målenøyaktigheit på 1/100 mm = 0,01 mm. Med eit digitalt mikrometer kan vi lese målenøyaktigheit på 1/1000 mm = 0,001 mm.
Mikrometra finst for ulike måleområde og bruksområde, til dømes innvendig måling, utvendig måling og djupnemåling.
Praktisk bruk av mikrometret
Måletrommelen er inndelt i 50 delar. Ved ei omdreiing på friksjonsskruen flyttar vi skruen ei strekning som er lik stiginga på gjenget. Då aukar eller minskar vi målet med 0,5 mm.
Måletrommelen er oppdelt frå 1 til 50. Kvar del svarer til 1/100 mm. For å flytte måletrommelen 1 mm må vi dreie skruen to omdreiingar.
Hugs:
- Mikrometer blir nytta når ein ønskjer nøyaktigheit på 1/100 mm.
- Ver nøye med krafta du bruker på skruen bak på mikrometret.
- Hugs å verne mikrometret mot støv og slag og så vidare.
- Kontroller mikrometret med visse intervall.
