Formelrekning
Døme på formel: arealet av eit rektangel
Ein fotballbane har form som eit rektangel. Vi lar den lengste sida vere grunnlinja og den kortaste sida vere høgda. Oppskrifta for å rekne ut arealet av eit rektangel er gitt ved formelen
Ifølge oppskrifta, eller formelen, må du multiplisere/gonge lengda av grunnlinja, g, med lengda av høgda, h, for å rekne ut arealet.
Direkte utrekning med ein formel

Vi skal rekne ut arealet av ein fotballbane med sidelengdene 68 m og 105 m.
Ein fotballbane har form som eit rektangel, så vi kan bruke formelen over. Vi lar den lengste sida vere grunnlinja g, og den kortaste sida lar vi vere høgda h. Så set vi inn måltala i staden for bokstavane i formelen.
Vi får at
Med måltal meiner vi verdien til ein storleik.
🤔 Tenk over: Kvifor blir måleininga for arealet ?
Når formelen gir ei likning
Av og til gir innsetjinga av tal i ein formel ei likning vi må løyse. Dette skjer til dømes dersom vi ønsker å finne høgda i eit rektangel der arealet og grunnlinja er gitt.
Vi ser på eit døme der arealet i eit rektangel er og grunnlinja er 25 m. Vi ønsker å finne ut kor stor høgda er.
I dette tilfellet kjenner vi "svaret" som formelen over gir: arealet. Her er det ein av dei andre storleikane (h) i formelen som er ukjend. Då set vi inn dei måltala som er kjende, i formelen, og vi får ei likning der h er den ukjende. Vi løyser likinga:
Vi får at høgda er 4 m.
Snu på ein formel
Formelen for arealet til eit rektangel gir oss oppskrifta for å finne arealet når grunnlinja og høgda er kjende. Vi såg ovanfor korleis vi kan finne høgda når arealet og grunnlinja er kjende ved å setje inn i formelen og løyse ei likning. Men vi kan òg behandle sjølve formelen som ei likning og finne ein formel for høgda h:
Dette kallar vi å snu på formelen.

Vi kan òg finne denne formelen ved hjelp av CAS og kommandoen "Løys(<Likning>, <variabel>)".
No kan vi løyse oppgåva i det førre dømet utan å måtte løyse ei likning:
🤔 Tenk over: Kan du vise at måleininga for høgda h blir m når måleininga for arealet A er og måleininga for grunnlinja g er m?
Arealet av eit kvadrat
🤔 Tenk over: Kva slags figur får du dersom grunnlinja og høgda i rektangelet er like lange?
Sidan grunnlinja og høgda er like lange, kallar vi begge s (for sidekant).
Formelen for arealet til eit kvadrat blir då
Kor lang er sida i eit kvadrat med areal lik ?
Vi bruker formelen for arealet:
Likninga har òg løysinga , men ei sidelengde i eit kvadrat kan ikkje vere negativ. Sidelengda i kvadratet er 5,2 m.
🤔 Tenk over: Er eit kvadrat alltid eit rektangel? Er eit rektangel alltid eit kvadrat?