Potensar
Kva er ein potens?
Nokre tal kan faktoriserast på ein slik måte at alle faktorane er like. Vi har til dømes at . I matematikken har vi funne ein meir effektiv skrivemåte for å multiplisere mange like faktorar med kvarandre. Vi skriv
Talet kallar vi grunntalet, og talet kallar vi eksponenten. Eksponenten fortel kor mange gonger grunntalet skal vere faktor.
Å skrive er altså berre ein annan måte å skrive talet på.
Definisjon
La vere eit vilkårleg tal og eit naturleg tal. Då er
Ved å skrive "def" over likskapsteiknet fortel vi at dette er noko som er bestemt, definert, at skal gjelde.
Reknereglar for potensar med same grunntal
Når vi skal rekne med potensar, har vi ein del viktige samanhengar som kan gjere utrekningane lettare for oss.
Multiplikasjon av potensar
Vi kan rekne på denne måten med potensar:
Vi ser at
La vere eit vilkårleg tal, og la og vere naturlege tal. Då er
Divisjon av potensar
Tilsvarande gjeld når vi dividerer potensar på kvarandre. Førebels går vi ut frå at eksponenten i teljaren er større enn eksponenten i nemnaren:
Vi ser at
La vere eit reelt tal ulikt frå null, og la og vere naturlege tal. Då er
Negative eksponentar
Korleis blir utrekninga dersom , det vil seie at potensen i nemnaren har større eksponent enn potensen i teljaren? Vi byter om på potensane i det førre dømet slik at vi får og finn svaret på to måtar:
Vi løyser først med vanleg brøkrekning og får
Ved å bruke rekneregelen for divisjon av potensar får vi
Vi ønsker at rekneregelen for divisjon av potensar òg skal gjelde i slike tilfelle. Det betyr at og må vere det same talet. Vi innfører ein viktig definisjon:
For alle tal og naturlege tal gjeld at
Eksponent = 0
Kva så dersom potensane i teljaren og nemnaren har like eksponentar? Vi ser på eit døme.
Ved vanleg brøkrekning får vi
Ved å bruke regelen for divisjon av potensar får vi
Vi ønsker òg her at reknereglane for potensar skal gjelde. Det betyr at må vere lik talet 1.
For alle tal gjeld at
Fleire reknereglar for potensar
Studer følgande reknestykke der definisjonen på potensar er brukte fleire gonger saman med vanlege reknereglar:
Det kan visast at reknereglane under alltid gjeld.
La og vere reelle tal forskjellige frå null, og la og vere heile tal. Då er
Oppsummering av definisjonar og reknereglar
Definisjonar
Reknereglar