Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Potensar og rotuttrykk

Fagstoff

n-te-røter

Kva meiner vi med tredjerota eller fjerderota til eit tal?

Ikkje berre kvadratrot

Vi har definert kvadratrota av eit tal som det ikkje-negative talet som opphøgd i andre er lik talet. Vi kan ikkje ta kvadratrota av eit negativt tal sidan eit tal opphøgd i andre ikkje kan vere negativt.

Tilsvarande kan vi definere tredjerota av eit tal som det talet som opphøgd i tredje gir talet.

Då blir

83=2  fordi  23=8

Legg merke til at sidan 3 er eit oddetal, så er det berre eitt tal som opphøgd i tredje er lik 8.

Legg også merke til at vi kan ta tredjerota av eit negativt tal

-83=-2  fordi  -23=-8

Vi kan halde fram og definere fjerderota, femterota osb. etter same mønster

Til dømes er

164=2  fordi  24=16 og 2 er positivt.

Vi definerer n-te-rota av a når n er eit naturleg tal

an er det talet som er slik at ann=a. Er n er eit partal, så er a0 og an0.

Legg merke til at a2 er det same som a. Kvadratrota kallar vi også for andrerota.

Skrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist oppdatert 09.03.2026