På vg1 bygg- og anleggsteknikk er det vanleg å ha eit større byggeprosjekt der fleire av fagområda inngår, til dømes tømrar-, røyrleggar- og overflatearbeid.
Her viser vi eit døme på eit slikt byggeprosjekt som blir brukt på Charlottenlund videregående skole. Her skal du bygge eit hjørne i eit tenkt hus og kle det både innvendig og utvendig slik du ville gjort det i eit verkeleg byggeprosjekt.
I arbeidsheftet nedanfor kan du sjå kva berekningar som må gjerast før du kan gå i gang. På teikningane er dei ytre måla oppgitt. Det betyr at du til dømes må rekne ut kor lange standarane i reisverket i den skrå veggen skal vere. Du kan gjere dei fleste berekningane i arbeidsheftet sjølv om de ikkje skal bygge hjørnet.
Under kan du laste ned teikningsgrunnlaget for prosjektet, ei prosjektbeskriving til programfag og arbeidsheftet til utrekningane.
Til læraren
Mål
Målet med dette opplegget er å vise at det er behov for matematikk i byggeprosjekt. Om ikkje klassen din skal bygge akkurat eit slikt hushjørne, kan det hende dei skal bygge noko tilsvarande. Tanken er at det er meir motiverande for elevane å gjere slike berekningar når dei skal bygge det dei reknar på.
I dette prosjektet er vi innom desse matematikkemna:
Beskriving av prosjektet
Elevane følger oppsettet i arbeidsheftet (sjå under "Nedlastbare filer"). Det er klargjort til utskrift slik at det er plass til utrekningane som trengst.
Alle berekningane på reisverket i skråveggen kan gjerast med trigonometri og pytagorassetninga. Det går òg an å bruke formlikskap på nokre av oppgåvene. Oppsettet i arbeidsheftet krev berre kjennskapar til tangens, men nokre elevar kan utfordrast på å rekne ut lengda y av skråkappinga på ein raskare måte ved å bruke andre trigonometriske funksjonar enn tangens.
Forslag til gjennomføring
Det er ein fordel om elevane allereie har vore gjennom dei emna som er lista opp over. Arbeidsheftet inneheld eit forslag til kva som kan gjerast. Elevane gjer berekningar i matematikktimane og tek med seg heftet på verkstadstimane. Eit slikt byggeprosjekt tek fleire veker, så alt må ikkje vere ferdig før bygginga startar.
Arbeidsheftet kan gjerne tilpassast akkurat din klasse. Vi har til dømes ikkje teke med prisberekning, noko som er fullt mogleg å inkludere.
Alternativ gjennomføring
Sidan praktisk forståing heng nøye saman med det visuelle, vil det for mange vere nyttig å forstå teorien ved først å bygge – og sjå kva det vart – og deretter å rekne på det dei har bygd.
Det er fleire måtar å få til reisverket på skråveggen på reint praktisk, både toppsvill, standarlengder og takvinkelen er eit resultat av dei oppgitte måla. Det kan derfor gi meir meining å rekne på noko etterpå, til dømes lengda av toppsvilla og takvinkelen. Då har ein fasiten framfor seg i form av noko ein kan måle på.
Bruk gjerne vinkelmålar og millimetermål. Dette kan òg gi ein fin diskusjon om kva som eigentleg er rett: måla på byggverket eller måla som er rekna ut. Kanskje ein òg kan finne snarvegar elevane har gjort i bygginga, som ikkje er ifølge teikninga?
Éi ulempe med ein slik framgangsmåte er at han er bakvend i forhold til den naturlege gangen i eit slikt arbeidsoppdrag. Faren er at motivasjonen til elevane for å gjere berekningane vil bli dårlegare når "produktet" er ferdig bygd.
Nokre elevar kan kanskje setjast til å lage ei kapp- og monteringsrettleiing til reisverket i den skrå veggen, eller til heile hushjørnet.
Forslag til forenklingar
Mange elevar synest at utrekningar med trigonometri og pytagorassetninga er vanskelege. Berekning av inndelinga av tømmermannskledning er heller ikkje lett. Vi synest likevel alle elevar bør prøve seg på berekningane slik dei er presenterte i arbeidsheftet. Nedanfor er det likevel nokre forslag til forenklingar. Dette må det takast omsyn til i vurderinga, og filvedlegget må òg tilpassast.
Oppgi takvinkelen. Elevane treng då ikkje å bruke trigonometri i nokon av berekningane på skråveggen sidan dei kan rekne ut lengda av toppsvilla med pytagorassetninga og finne dei andre lengdene anten ved å samanlikne formlike trekantar eller ved å bruke pytagorassetninga.
Oppgi i tillegg lengda på toppsvilla. Då treng elevane berre formlikskap.
For å unngå inndeling av tømmermannskledning kan ytterveggene kledast med noko anna, til dømes liggande falsa kledning.
For nokre elevar er kanskje det å lage ei kapp- og monteringsrettleiing for heile eller delar av hushjørnet nok utfordring?
Ein enklare variant av skråveggen finst på oppgåvesida "Reisverksmodul – tverrfagleg oppgåve".