Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kantina treng hjelp!

Kantina ønsker å fokusere på at elevane på skulen skal velje dei sunnaste alternativa, men slit med salet. Derfor ønsker dei at de skal lage ein marknadsføringskampanje for tre av dei sunnaste alternativa dei tilbyr.

Oppgåve i klassa

  • Lag eit intervju som skal gjerast med personalet i kantina. Formålet med intervjuet er at de skal lære meir om dei tre sunne produkta kantina ønsker å selje meir av.

  • Set aktuelle mål for kampanjen i samarbeid med kantina. Kan det til dømes vere eit mål å auke salet med 20 prosent?

  • Vel ut to elevar til å intervjue kantinepersonalet.

  • Analyser intervjuet i fellesskap, og lag ei felles oversikt.

  • Del klassen i tre grupper, og fordel produkta mellom dykk.

Oppgåve i gruppene

  • Lag personas til marknadsføringskampanjen dykkar.

  • Lag eit namn på produktet eller kampanjen.

  • Vel kva kanal de vil gjennomføre kampanjen i, og kva verktøy de vil bruke til å måle resultata undervegs og etter gjennomføring.

  • Utform kampanjen, med ein bodskap som passar til målgruppa og produktet. De står fritt til å velje korleis de vil formidle bodskapen dykkar, og kva verkemiddel de vil bruke (bilete, video, tekst, prat).

  • La kantina komme med tilbakemeldingar på idéen dykkar, og gjer endringar om det er nødvendig.

  • Bli einige om ein lanseringsdato, og lanser kampanjen den dagen.

  • Analyser kampanjen når halve tida er gått. Har han hatt den effekten de ønskte, eller må de gjere endringar?

  • Analyser resultatet når kampanjen er ferdig. Hadde kampanjen den effekten de ønskte? Diskuter kvifor eller kvifor ikkje.

  • Inviter kantinepersonalet til å komme og fortelje korleis dei opplevde kampanjen.

  • Lag eit oppsummeringsnotat frå kampanjen over kva som verka eller ikkje verka, kva de må jobbe meir med, og kva som kan gjerast annleis. Evaluer resultatet av arbeidet dykkar.

Lykke til!

Relatert innhald

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 05.12.2025