Bruk av plakatar i marknadsføringskampanjar

I marknadsføring bruker vi det vi kallar konkurransemiddel, ofte kalla dei fem p-ane, som er produkt, pris, påverknad, plass og personale. Plakatar blir brukte for å påverke, og vi deler påverknad inn i tre ulike former:
- kjøp – salsplakatar
- kjennskap – merkevarebygging
- informasjon
Vi har salsplakatar som har som føremål å påverke til kjøp. Så har vi plakatar som skal auke kjennskapen til eit produkt eller ei bedrift, som blir brukte til merkevarebygging. Til slutt har vi informasjonsplakatar.
Påverke til kjøp – salsplakatar
Her er ein typisk salsplakat som oppmodar til å kjøpe eit konkret produkt.

Det som viser tydeleg at dette er ein salsplakat, er at stad, tid og pris for reisa er med. I tillegg er det oppgitt telefonnummer der vi kan ta kontakt for å kjøpe reisa. Dette er òg eit døme på at estetisk utsjånad òg blir vektlagd i utforminga av salsplakatar. Dei fleste får lyst på ein tur til Italia når dei ser denne plakaten.
Auke kjennskapen – merkevarebygging
Mange plakatar har som føremål å auke kjennskapen til eit produkt.
Sjølv om Freia-plakaten er mange år gammal, er han likevel lett å dra kjensel på på grunn av logoen og utforminga av namnet Freia. I merkevarebygging er nettopp slike konstante element viktig.
Reklameplakaten for Økola har som føremål å auke kjennskapen til mineralvassfabrikken Oskar Sylte generelt og produktet Økola spesielt. Å bruke naturlege råvarer er ein viktig verdi for denne bedrifta, og det kjem tydeleg fram i både biletbruk og tekst.
Plakatane for Merida elsyklar fokuserer, på ein litt humoristisk måte, på fordelane ved å bruke elsykkel framfor vanleg sykkel. Norske reklamar er kjende for å bruke meir humor enn det som er vanleg i andre land.
Informasjonsplakatar
Marknadsførarar utformar informasjonsplakatar til ulike føremål, ofte i samband med ulike informasjonskampanjar. Eit døme er Folkehelseinstituttets plakat: Vaner som forebygger smitte.
Her er eit døme frå tidlegare Opplandstrafikk, som informerer om prisendringar. Den viktigaste informasjonen blir her framheva ved hjelp av skriftstorleiken.
