Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Podkast

Forretningsidear og gründerskap

Har du nokon gong fått ein idé som du tenker kunne blitt vidareutvikla som ein forretningsidé? Kva var ideen? Kanskje drøymer du om å gå vidare med idéen og bli ein gründer?

Korleis oppstår ein forretningsidé?

Ein forretningsidé oppstår ofte når vi har behov for å få løyst eit problem. Har du nokre gonger irritert deg over noko, til dømes på vegen til og frå skulen? Med mopeden? Med treninga eller mobilen?

Forretningsidéar kan òg oppstå som resultat av idémyldring og kreative prosessar, der målet er å finne innovasjonar til nye marknader. Tenk litt over kor mange ulike appar det finst på marknaden i dag. Ikkje alle appar løyser eit problem; dei kan vere til rein underhaldning eller gjere livet enklare for oss. Vipps, til dømes, blei lansert i 2015 for å forenkle kvardagen til folk flest.

Vi høyrer stadig at Noreg treng fleire gründerar. Kort forklart kan vi seie at ein gründer er ein som ikkje berre ser moglegheiter, men som òg gjer noko med dei. Ordet gründer kjem frå tysk og betyr "grunnleggar". Vi bruker omgrepet om ein person som ser ei moglegheit i ein marknad, som får ein idé som kan dekke eit marknadsbehov, og som etablerer ei verksemd for å dekke dette behovet.

Tenk over

Kan du nemne nokon kjende gründerar? Kva trur du er nokon viktige suksessfaktorar for å lykkast som gründer?

Teknologigründer Karen Dolva

Karen Dolva har vunne fleire innovasjonsprisar, både i Noreg og i Europa. Nedanfor kan du sjå eit intervju (lengde 06:39) frå då ho gjesta Lindmo i 2019. I intervjuet fortel ho om gründerverksemda.

Bygge nettverk for å realisere ein forretningsidé

Tise er ein nettstad og ein app der du kan kjøpe og selje brukte klede, sko, vesker, smykke, klokker, briller, kunst og diverse interiør. Tise-appen har òg tips til korleis du kan reparere, sy og halde ved like både ting og klede.

I filmen nedanfor (lengde 07:04) fortel gründerane av Tise om kor viktig det er å bygge nettverk for å utvikle og realisere ein forretningsidé.

Video: Cylinder Productions AS, Epidemic Sound / CC BY 4.0

Podkast om gründerverksemd og berekraft

Sophie Wiik er oppteken av å jobbe for at berekraftig livsstil skal vere lett tilgjengeleg for alle. Ho brenn for miljø, gjenbruk og redusert forbruk, og ho er svært oppteken av å vise korleis berekraft og økonomi går hand i hand ved hjelp av .

Sophie Wiik var med på å starte Too Good to Go i København, som no er den største nettbaserte marknadsplassen i verda for overskotsmat.

I podkasten nedanfor (lengde 21:05) får vi høyre Sophie Wiik si gründerreise med Too Good to Go.

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Markedsføring og leiing". Ved sida av henne er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Gründerverksemd og berekraft

Sophie Wiik er grøn gründer, investor, foredragshaldar og matredder. I samtale med programleiar Sarah Natasha Melbye snakkar ho om gründerverksemd og berekraft.

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 13.01.2026