Vurdere forretningsidear

Oppgåve 1
Del 1
Søk på nettet etter forretningsidear. Vel ut ein du synest ser interessant ut. Vurder så forretningsideen. Er det noko du synest manglar i forretningsideen? Svarer forretningsideen på desse spørsmåla?
- Kva for behov skal bedrifta tilfredsstille?
- Kva for produkt skal bedrifta tilby?
- Kven skal kjøpe produkta?
- Kva for geografisk verkeområde skal bedrifta operere i?
- Kvifor skal kundane kjøpe produkta til bedrifta?
- På kva måte skal bedrifta tene pengar ved å tilby dette produktet? Korleis skal bedrifta nå dei overordna måla sine?
Del 2
Bruk den same forretningsideen som i oppgåve 1.
Diskuter forretningsideen. Er han berekraftig? Kan du tenkje ut eit meir berekraftig produkt? Kan produktet til dømes framstillast i eit meir haldbart materiale, slik at det varer lenger og dermed er meir berekraftig?
Lag eit forslag til ein ny forretningsidé.
Oppgåve 2
Sjå filmen nedanfor (lengde 03:02), og jobb i par med oppgåvene under.
Kva er forretningsideen til Vippa?
Søk på internett etter liknande konsept. Kva skil Vippa-modellen frå modellen til andre mathallar?
På kva måte er Vippa-modellen nytenkjande og berekraftig?
Diskuter svara dykkar i klassa.
Oppgåve 3

Jobb i par.
Del 1
De skal planleggje ein nyskapande og berekraftig festival.
Skriv nokre stikkord for korleis festivalen skal vere.
Formuler forretningsidéen for festivalen dykkar.
Del 2
Lever og motta forretningsidé til/frå eit anna par i klassen.
Diskuter i par kva de meiner om forretningsidéen til det andre paret.
Gje tilbakemeldingar til dei som har skrive forretningsidéen.
Motta tilbakemeldingar på dykkar eigen forretningsidé.
Bruk tilbakemeldingane til å forbetre dykkar eigen forretningsidé.