Oppgave
Målgrupper i filmen Den perfekte familien
No skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien. Oppgåvene har med temaa segmentering og målgruppeval å gjere.
- Forklar kva som blir meint med segmentering, og bruk døme frå filmen Den perfekte familien.
- Forklar kva som blir meint med målgrupper, og bruk døme frå filmen Den perfekte familien.
- Gjer greie for segmenteringskriterium, og bruk døme frå filmen.
- Vi kan seie at hovudpersonane i filmen representerer fire ulike målgrupper. Beskriv desse målgruppene, og gjer bruk av relevante fagomgrep.
- I filmen ser vi at familien raskt blir ein trendsetjarfamilie. Det tek ikkje lang tid før naboar, venner og nye kjenningar byrjar å kjøpe dei same tinga. Kva trur du er årsaka til at familien får så stor påverknadskraft?

David Duchovny, Demi Moore i filmen Den perfekte familien. Bilete: Norgesfilm AS, SF Norge / Avgrensa bruksrett
Til denne filmen finst det òg oppgåver til temaa marknadskommunikasjon og forbrukaråtferd. Sjå desse relaterte artiklane:
Relatert innhald
Oppgåver og aktivitetar
Marknadskommunikasjon i filmen Den perfekte familienNo skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien. Oppgåvene har med temaet marknadskommunikasjon å gjere.
Oppgåver og aktivitetar
Forbrukaråtferd i filmen Den perfekte familienNo skal du få jobbe med oppgåver til filmen Den perfekte familien. Oppgåvene har med temaet forbrukaråtferd å gjere.