Podkast: Merkevarebygging og merkevarestrategiar - Marknadsføring og leiing 2 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Podkast: Merkevarebygging og merkevarestrategiar

Til eksamen er det viktig å kunne argumentere godt. Her skal de lytte til ein podkast og drøfte tematikken både munnleg og skriftleg.

Oppgåve 1. Før du lyttar til podkasten

  1. Tenk over:

    • Kva siktar ein til med omgrepa merkevarebygging og merkevarestrategiar?

    • Tenk på nokre sterke merkevarer. Kvifor meiner du at desse merkevarene er suksessfulle?

    • Kvifor er det verdifullt for nasjonen Noreg at verksemder lykkast med merkevarene sine?

  2. Sjekk at du har forstått nokre viktige fagomgrep:

Oppgåve 2. Fagomgrep og refleksjonsnotat

Skriv ned nøkkelord mens du lyttar til podkasten og bruk dei til å skrive eit kort refleksjonsnotat etterpå. Like under podkasten finn du eit digitalt skjema du kan velje å bruke. Under ligg òg ei omgrepsliste du kan bruke i arbeidet med å skrive ned fagomgrep og omgrepsforklaringar.

Fagomgrep i podkasten
  • merkevarebygging

  • merkevarekjennskap

  • merkeverdi

  • merkepersonlegdom

  • posisjonering

  • marknadsstrategi

  • merkevarestrategi

  • merkeutviding

Filer

Høyr gjerne på podkasten mens du går ein tur eller set deg ut i sola. God lytt!

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Merkevarebygging og merkevarestrategiar

Har du nokon gong tenkt på kvifor mange kjøper akkurat Kvikk Lunsj når dei skal ut på tur? I denne podkasten høyrer du Knut Skeie Solberg i samtale med professor i marknadsføring på BI, Lars Erling Ol...

0:00
-0:00
Podkast: Moderne Media / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 3. Etter at du har lytta til podkasten

Jobb saman to og to med deloppgåvene nedanfor.

Del 1

Fortel att det du har lært. Når den første av dykk er ferdig, kan den andre supplere. Det er viktig at de er aktive lyttarar.

Del 2

Drøft påstandane:

  • Utan ein god merkevarestrategi kan ikkje ei verksemd lykkast på sikt.

  • Den langsiktige verdien av merkevarebygging er alltid høgare enn kostnadene.

  • I Noreg er vi for dårlege på å bygge merkevarer.

Del 3

Ta utgangpunkt i ein av drøftingspåstandane ovanfor og organiser argument for og imot ved å bruke skjemaet under. Plasser dei argumenta de oppfattar som dei mest tungtvegande øvst, mens dei som verkar mindre viktige, kjem nedst.

Del 4

Ta utgangspunkt i det viktigaste argumentet for i oppgåva ovanfor. Lag ei temasetning, det vil seie den innleiande setninga til eit avsnitt som skal argumentere for påstanden. Setninga skal gi informasjon om kva avsnittet handlar om, og skal helst vere kort og presis.

Kan vi vurdere dette som ei god temasetning?
  • Fortel temasetninga kva avsnittet skal handle om?

  • Er temasetninga for detaljert?

  • Har temasetninga eit objektivt språk?

Del 5

Skriv eit avsnitt med utgangspunkt i temasetninga.

Tips til avsnittsoppbygging

Avsnittet skal berre handle om det temasetninga seier.

I tillegg til temasetninga skal avsnittet innehalde kommentarsetningar og ei avslutning:

  • Kommentarsetningane skal gi meir detaljerte og utfyllande informasjon. Det er fint å ha konkrete døme.

  • Avslutninga i avsnittet kan til dømers vere formulert som ei kort oppsummering eller ein konklusjon.

Del 6

Gå med ei anna gruppe og les avsnitta høgt for kvarandre. Diskuter og gjer eventuelle endringar før de les avsnitta høgt for klassen.

Kva for eit avsnitt blei best?

Kven av gruppene laga det beste avsnittet? Kanskje klassen eller lærar kan kåre ein vinnar?

Tips til lærar

Kanskje det kan vere aktuelt å dele opp podkasten? Podkasten i sin heilskap strekker seg over cirka 19 minutt og består av to delar:

  1. I del 1 av podkasten, fram til 10:49, høyrer vi professor Lars Erling Olsen forklare og eksemplifisere fagstoff knytt til merkevarebygging og merkevarestrategiar. (Det er fullt mogleg å berre ta utgangspunkt i del 1 av podkasten når elevane skal jobbe med dei ulike oppgåvene.)

  2. I del 2 av podkasten, frå 10:49, fortel Aleksander Steinsvik om erfaringane sine og arbeidet sitt med merkevarebygging og å utvikle merkevarestrategiar i praksis.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2023