Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Situasjonsanalyse av Rema 1000

I denne oppgåva skal du gjennomføre ein situasjonsanalyse av daglegvarekjeda Rema 1000.

Om daglegvarebransjen

Arbeidsvilkåra i daglegvarebransjen er i stadig endring. Det har mellom anna kome nye aktørar som sel mat over internett, og andre som planlegg middagar og leverer matkasser på døra. Dei fleste daglegvarekjedene har utvikla appar der kundane kan lage handlelister og få oppskrifter og rabattar. Ofte oppstår det priskrigar mellom kjedene.

Sjå nettsida til Rema 1000.

Oppgåve

Del 1

  • Prøv å kartleggje kva som er dei interne arbeidsvilkåra hos Rema 1000.

  • Skriv så mange punkt de kan kome på som er relevante for kvar enkelt del av dei interne arbeidsvilkåra.

Døme på interne arbeidsvilkår

  • personalet og leiinga

  • produkt

  • pris

  • distribusjon

  • marknadskommunikasjon

  • økonomi

Del 2

  • Prøv å kartleggje kva som er dei eksterne arbeidsvilkåra hos Rema 1000.

  • Skriv så mange punkt de kan kome på som er relevante for kvar enkelt del av dei eksterne arbeidsvilkåra.

Døme på eksterne arbeidsvilkår

  • kundar og marknad

  • konkurrentar

  • leverandørar og distrutørar

  • offentlegheita

Del 3

Prøv no å sortere dei interne og eksterne arbeidsvilkåra i den vedlagde malen for situasjonsanalyse.

Del 4

  • Skriv eit samandrag av situasjonsanalysen.

  • Gi ei kort oppsummering av kva de meiner er det aller viktigaste Rema 1000 bør fokusere på i tida som kjem?

Døme

  • forbetre produkta

  • tilsetje fleire/andre medarbeidarar

  • forbetre servicen i butikkane/utsala

  • oppgradere innreiinga

Skrive av Caroline Eriksen Krilic og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 16.12.2025