Hopp til innhald
Oppgave

Podkast: «Service og CRM»

Kvifor er god service så viktig? Kva er CRM? Dette er noko av det du får svar på ved å lytte til podkasten «Service og CRM», der CRM-direktør Tore Berntsen blir intervjua.

Lytt til podkasten «Service og CRM»

Mann med briller held eit ark med teksten "Serviceyrka". Fargerike smilefjes omringar hovudet til mannen.
Serviceyrka

Service og CRM, episode 1 – viktigheita av god service

Kva er god service? Kva slags service kjem kundar til å spørje etter i marknaden i framtida? Korleis kan ei bedrift bruke CRM for å stikke seg fram i eit konkurransedrive felt? Dette er noko av det du...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Oppgåver til podkasten

Forslag til arbeid med oppgåvene:
  • Jobb gjerne i par.
  • Presenter svara for klassen.
  • Ha ein diskusjon om oppgåvene i klassen til slutt.
  1. Kva er CRM?
  2. God service er avhengig av kva vi som forbrukarar forventar oss. Korleis blir god service beskrive i podkasten?
  3. I podkasten seier Tore Berntsen at verksemder må rydde bort det som kan skape såkalla «friksjon» blant kundane. Kva blir her meint med friksjon? Nemn nokre døme på slik friksjon.
  4. Kvifor er eigentleg service så utruleg viktig?
  5. Gi døme på korleis service kan kome til syne gjennom heile kundereisa – både før, under og etter eit kjøp.
  6. Gi døme på typar av kompetanse som er viktig for verksemder å ha, for å kunne yte så god service som mogleg.
  7. Tore Berntsen, som blir intervjua i podkasten, har uttalt: «Eg meiner at CRM er i ferd med å bli hjartet for verksemda for mange konkurranseutsette verksemder.» Kva meiner han med dette?
  8. Det kan vere vanskeleg å spå om framtida, men kva trur Tore Berntsen vil vere viktig i servicen i framtida?
  9. Skriv eit samanfattande avsnitt som gjer greie for korleis verksemder kan bruke service og CRM som eit verkemiddel i konkurransen for å skilje seg ut blant konkurrentane.
  10. Drøft påstanden «service er det viktigaste for kunden».
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2020