Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Oppbygging av faget

Programfaget marknadsføring og leiing inneheld læringsressursar for å dekkje kompetansemåla i læreplanen. Vi håpar du finn det innhaldet både nyttig og interessant. Lykke til med det gode læringsarbeidet!

Fullverdig læremiddel

I programfaget marknadsføring og leiing 1 vil du finne læringsressursar som dekkjer kompetansemåla for faget. Læringsressursar i form av fagartiklar, varierte og utforskande oppgåver, filmar og podkastar utgjer til saman eit rikt og heilskapleg læremiddel for faget.

Emneinndelinga følgjer kompetansemåla i læreplanen. Vi er opptekne av å lage ressursar som skal vere relevante og engasjerande for elevane, og som skal fremje elevaktivitet, utforsking og kritisk tenking.

Marknadsføring og leiing 1 er eit sentralt fag for å forstå marknader i ei verd i stadig endring. Faget skal bidra til at elevane tileignar seg oppdaterte kunnskapar og ferdigheiter slik at dei kan utarbeide marknadsføringsstrategiar og setje i verk tiltak for å nå konkrete marknadsføringsmål.

Læremiddelet knyter fagstoffet til ei stadig meir digitale verd og dekkjer samtidig sentral teori. Konkurransemidla er er eit viktig teoretisk fundament i faget. Kvart enkelt konkurransemiddel blir derfor behandla som eit eige emne. Emnet marknadsmiks kan hjelpe elevane til å sjå samanhengen i bruken av konkurransemidla.

Faget marknadsføring og leiing 1 skal bidra til å utvikle skaparglede, engasjement og utforskartrong. Elevane skal utfordrast til å reflektere, sjå etter samanhengar, vere kritiske og gå i djupna, og røyndomsnære og praktiske problemstillingar i marknadsføringsfaget skal gjere dei i stand til å bruke kritisk tenking og kreativitet for å komme fram til gode løysingar.

Kjerneelement

Kjerneelementa i læreplanen beskriv temaområde, prinsipp og ein slags prosesstankegang som er gjennomgåande i faget marknadsføring og leiing 1 og i læremidla våre for faget:

Markedsanalyse og innsikt

Kjerneelementet markedsanalyse og innsikt handler om innhenting og vurdering av informasjon og analyser som gir overordnet perspektiv på markeder, målgrupper og deres behov. Det handler også om refleksjoner over hvordan markeds- og samfunnsutvikling danner grunnlag for å ta framtidsrettede beslutninger av betydning for markedsføring og ledelse.

Markedsstrategiske vurderinger

Kjerneelementet markedsstrategiske vurderinger handler om å vurdere og velge tiltak og virkemidler for å nå virksomheters mål. Det handler også om å utvikle og begrunne helhetlige markedsstrategier og gjøre etiske og bærekraftige vurderinger og beslutninger i et ledelsesperspektiv. Det handler også om hvordan markedsføring, ledelse og beslutninger henger sammen.

Faglig kreativitet og problemløsing

Kjerneelementet faglig kreativitet og problemløsing handler om å åpne opp for nye idéer som bidrar til å skape forandring og fornyelse for å løse markedsstrategiske problemstillinger og nå virksomhetens mål. Det handler om at kreativ tenkning er nødvendig for å skape og gjennomføre nye ideer. Det innebærer å vurdere nye ideer og løsninger med bakgrunn i innsikt om markeder og målgruppens behov. Det handler også om etisk bevissthet i arbeid med faglig kreativitet og problemløsing.

Kompetansemål og vurdering

NDLAs læremiddel i faget marknadsføring og leiing 1 har eit variert innhald som dekkjer alle kompetansemåla. Nedanfor finn du lenkje til læreplanen for programfaget marknadsføring og leiing 1.

Relatert innhald

I eit avsnitt om vurdering i læreplanen står dette:

Læreren skal legge til rette for elevmedvirkning og stimulere til lærelyst gjennom ulike muntlige, skriftlige, og praktiske måter, hvor elevene utforsker og finner svar på faglige spørsmål og problemstillinger med betydning for markedsføring og ledelse.

Vi er opptekne av at ressursane skal vekkje lyst til å lære og gi elevane høve til å utvikle kompetanse i faget. Oppgåvene er varierte og kan bidra til eit breitt vurderingsgrunnlag i faget.

Vi håpar du finn innhaldet i markedsføringsfaget nyttig og interessant. Vedlagt finn du eit forslag til årsplan for faget, med lenkjer til passande ressursar på NDLA. På NDLA finn du òg læringsressursar til marknadsføring og leiing 2 som bygger på marknadsføring og leiing 1.

Relatert innhald

Kjelde

UDIR. Læreplan i i markedsføring og ledelse (MFL01‑03). UDIR. https://www.udir.no/lk20/mfl01-03

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 21.03.2025