Oppgave
Nye moglegheiter!
Innovasjon og evna til å tenkje nytt om berekraft i reiselivsnæringa har blitt viktigare og viktigare.
I denne oppgåva skal du ta på deg rolla som produktutviklar i reiselivsnæringa der du bur. Oppgåva kan løysast åleine eller saman.
- Studer på internett dei reiselivsprodukta som blir tilbydde der du bur.
- Vel ut eit produkt du liker.
- Bruk fantasien, og lag ein plan for korleis dette produktet kan vidareutviklast til eit nytt og meir berekraftig reiselivsprodukt.
- Beskriv ulike produktfordelar som kan brukast i marknadsføringa av det nye produktet.
- Lag ein reklame for det nye produktet ditt, med bilete og tekst.
- Lag ein samla presentasjon av forslaget ditt, og legg vekt på berekraftige val.
- Presenter for kvarandre, og få tilbakemeldingar.
- Bruk tilbakemeldingane til å gjere eventuelle endringar i produktforslaget ditt.
- Kanskje vil du sende forslaget ditt til den aktuelle reiselivsaktøren?
Lykke til!