Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Eksterne arbeidsvilkår

Kva meiner vi med eksterne arbeidsvilkår, og korleis kan vi finne ut av kva som er dei eksterne moglegheitene og truslane for ei verksemd?

Eksterne forhold

Med eksterne arbeidsvilkår meiner vi eksterne forhold, altså det som går føre seg utanfor verksemda, som verksemda ikkje kan kontrollere. Det er eksterne forhold som verksemda må rette seg etter. Når vi analyserer dei eksterne arbeidsvilkåra, deler vi dei inn i moglegheiter og truslar.

Eksterne arbeidsvilkår kan vere

  • kundar og marknaden

  • konkurrentar

  • leverandørar og distributørar

  • offentlegheita

  • samfunnet

Kundar og marknaden

Kva haldningar har dei eksisterande og potensielle kundane til verksemda og til verksemda sine produkt? Har dei positive haldningar til verksemda og til verksemda sine produkt, er det ei moglegheit. Har dei derimot negative eller likegyldige haldningar, er det ein trussel for verksemda. Dersom det finst mange potensielle kundar i marknaden, kan det vere ei moglegheit. I motsett tilfelle vil det vere ein trussel.

Konkurrentar

Mange konkurrentar i marknaden kan vere ein trussel for verksemda. Tilsvarande kan få konkurrentar vere ei moglegheit.

Kva konkurrentar gjer, kan òg utgjere ein trussel eller ei moglegheit. For ei verksemd er det derfor nyttig å vite så mykje som mogleg om konkurrentane. Dette kan til dømes vere kunnskap om prisnivået, produktkvaliteten eller dei økonomiske nøkkeltala til konkurrentane.

Tips til stader du kan finne informasjon om konkurrentane

Du kan til dømes finne slik informasjon

  • på nettsida til konkurrentane

  • i offentlege register, som til dømes Brønnøysundregistera

  • på proff.no

Leverandørar og distributørar

Dei fleste verksemder treng leverandørar for å produsere produkta sine og for å få produkta ut til kundane. Fråfall av leverandørar og distributørar kan utgjere ein trussel for verksemda.

Tine kjøper kartongar frå fleire ulike leverandørar. Dette gjer dei for å minimere trusselen. Får ein av leverandørane leveringsproblem, kan Tine auke opp bestillingane hos ein annan leverandør.

Har verksemda distributørar som får varene effektivt ut på marknaden og samarbeider godt, representerer distributørane ei moglegheit for verksemda. I nokre tilfelle kan det vere utfordrande å få innpass hos eigna distributørar. På daglegvaremarknaden kan det til dømes vere vanskeleg å få innpass i butikkhyllene hos matvarekjedene, og dette er då ein trussel.

Offentlegheita

Lover og reglar høyrer òg til dei eksterne arbeidsvilkåra. Dei blir rekna som eksterne fordi verksemda kan ikkje sjølv påverke lovene, men må rette seg etter dei. Ei viktig lov i marknadsføringssamanheng er .

Mediedekning av eit tema som har med verksemda di å gjere, kan òg vere ein trussel eller moglegheit. Driv du til dømes med pelsdyroppdrett, vil eit medieoppslag omkring dyrevelferd vere ein trussel. Driv du derimot med larveoppdrett, vil eit medieoppslag om berekraftsaspektet ved larveproduksjon vere ei moglegheit for verksemda di.

Ein annan ekstern trussel kan vere pressgrupper som er opptekne av til dømes miljøspørsmål eller dyrevern.

Samfunnet

Utviklingstrekk i samfunnet kan òg vere ein trussel eller ei moglegheit. Døme på slike utviklingstrekk kan vere forhold knytte til politikk, , kultur, klima, teknologi og samfunnsøkonomi.

På grunn av koronapandemien kom regjeringa i mars 2020 med dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i Noreg i fredstid. Dette utgjorde ein stor trussel for mange verksemder, mellom anna verksemder innan reiselivsbransjen.

Ei positiv utvikling i samfunnsøkonomien vere ei moglegheit, mens ei finanskrise vil for dei fleste virksemder vere ein trussel.

For mange verksemder kan robotisering og kunstig intelligens vere ei moglegheit. Sjå filmen frå 2020 nedanfor (lengde 08:17).

Sjå korleis dei ulike møbelprodusentane Flokk AS, Gaula Tradisjonsmøbler AS og Røros produkt AS nyttar seg av moglegheitene ved robotiseringa. Video: Terranova Media / CC BY-NC-ND 4.0
Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Live Marie Toft Sundbye.
Sist oppdatert 20.01.2026