Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Vurdere forretningsidear

I desse oppgåvene skal du lage og vurdere forretningsidear.

Oppgåve 1

Del 1

Søk på nettet etter forretningsidear. Vel ut ein du synest ser interessant ut. Vurder så forretningsideen. Er det noko du synest manglar i forretningsideen? Svarer forretningsideen på desse spørsmåla?

  1. Kva for behov skal bedrifta tilfredsstille?
  2. Kva for produkt skal bedrifta tilby?
  3. Kven skal kjøpe produkta?
  4. Kva for geografisk verkeområde skal bedrifta operere i?
  5. Kvifor skal kundane kjøpe produkta til bedrifta?
  6. På kva måte skal bedrifta tene pengar ved å tilby dette produktet? Korleis skal bedrifta nå dei overordna måla sine?

Del 2

Bruk den same forretningsideen som i oppgåve 1.

  1. Diskuter forretningsideen. Er han berekraftig? Kan du tenkje ut eit meir berekraftig produkt? Kan produktet til dømes framstillast i eit meir haldbart materiale, slik at det varer lenger og dermed er meir berekraftig?

  2. Lag eit forslag til ein ny forretningsidé.

Oppgåve 2

Sjå filmen nedanfor (lengde 03:02), og jobb i par med oppgåvene under.

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0
  1. Kva er forretningsideen til Vippa?

  2. Søk på internett etter liknande konsept. Kva skil Vippa-modellen frå modellen til andre mathallar?

  3. På kva måte er Vippa-modellen nytenkjande og berekraftig?

  4. Diskuter svara dykkar i klassa.

Oppgåve 3

Jobb i par.

Del 1

De skal planleggje ein nyskapande og berekraftig festival.

  1. Skriv nokre stikkord for korleis festivalen skal vere.

  2. Formuler forretningsidéen for festivalen dykkar.

Del 2

Lever og motta forretningsidé til/frå eit anna par i klassen.

  1. Diskuter i par kva de meiner om forretningsidéen til det andre paret.

  2. Gje tilbakemeldingar til dei som har skrive forretningsidéen.

  3. Motta tilbakemeldingar på dykkar eigen forretningsidé.

  4. Bruk tilbakemeldingane til å forbetre dykkar eigen forretningsidé.

Skrive av Mette Holan og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS.
Sist oppdatert 22.10.2025