Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Helsefremjande og berekraftige feriereiser

Ein ny trend viser at dagens forbrukarar ønsker helsefremjande og berekraftige feriereiser. Kva inneber det eigentleg?

Oppgåve

Euromonitors kartlegging av forbrukartrendane i 2025 viser at forbrukarar i dag ønsker helsefremjande og berekraftige feriereiser. Kartlegginga viser òg at KI har blitt eit viktig verktøy i ferieplanlegginga.

Del 1: I klassen

Diskuter kva som er ei helsefremjande og berekraftig feriereise? Kvifor trur de dette er ein trend blant dagens forbrukarar?

Del 2: I små grupper

  • Gå saman i små grupper og bruk NDLA sin praterobot eller andre KI-verktøy til å planlegge ei feriereise de meiner er helsefremjande og berekraftig. Bruk ordinært søk for å kvalitetssikre informasjonen som KI gir dykk.
  • Lag ein marknadsføringspresentasjon av reisa til ei sjølvvald målgruppe. Transportmiddel, overnattingar og aktivitetar skal vere inkluderte i presentasjonen. De må òg grunngi kvifor feriereisa er helsefremjande og berekraftig.

Del 3: I klassen

  • Presenter feriereisa for klassen.
Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 18.11.2025