Oppgåve
Helsefremjande og berekraftige feriereiser
Ein ny trend viser at dagens forbrukarar ønsker helsefremjande og berekraftige feriereiser. Kva inneber det eigentleg?

Utsikt utover Geirangerfjorden frå Ørnesvingen
Oppgåve
Euromonitors kartlegging av forbrukartrendane i 2025 viser at forbrukarar i dag ønsker helsefremjande og berekraftige feriereiser. Kartlegginga viser òg at KI har blitt eit viktig verktøy i ferieplanlegginga.
Del 1: I klassen
Diskuter kva som er ei helsefremjande og berekraftig feriereise? Kvifor trur de dette er ein trend blant dagens forbrukarar?
Del 2: I små grupper
- Gå saman i små grupper og bruk NDLA sin praterobot eller andre KI-verktøy til å planlegge ei feriereise de meiner er helsefremjande og berekraftig. Bruk ordinært søk for å kvalitetssikre informasjonen som KI gir dykk.
- Lag ein marknadsføringspresentasjon av reisa til ei sjølvvald målgruppe. Transportmiddel, overnattingar og aktivitetar skal vere inkluderte i presentasjonen. De må òg grunngi kvifor feriereisa er helsefremjande og berekraftig.
Del 3: I klassen
- Presenter feriereisa for klassen.