Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

Forretningsmodell og utprøving av idéar

Mange nyetableringar går konkurs etter kort tid. Ofte kjem det av at produktet ikkje fungerer som forventa, eller at kundane er andre enn ein trudde. Jo tidlegare vi testar ut ideen eller produktet, desto enklare er det å gjere endringar og lykkast.

Test ut idéen din

Kom deg ut og test idéen din på reelle kundar på eit tidleg tidspunkt! Det nyttar ikkje berre å anta kva kundane vil ha – du må faktisk undersøke om det du trur stemmer med verkelegheita. Dersom det viser seg at du tok feil, må du justere og forandre basert på det du finn ut.

Viss idéen din til dømes går ut på å tilby eit nytt treningskonsept, så oppsøk treningsstudio og snakk med dei som bruker tilbodet. Er idéen eit nytt opplevingstilbod, så snakk med folk som kan vere moglege kundar. Du kan òg oppsøke messer og andre stader der bransjefolk møtest.

Finn minimumsløysinga di

Bruk ein god mentor som kan gi deg innspel til korleis du kan finne fram til ei minimumsløysing du kan teste på verkelege kundar. Internett og sosiale medium gir òg mange mogelegheiter til å komme i kontakt med potensielle kundar og teste reaksjonar.

Dei første mobilprodusentane brukte ein trekloss for å illustrere kor liten ein mobiltelefon kunne bli. Sjå etter kva som kan vere treklossen "din". Diskuter med ein mentor kva du bør finne svar på, og korleis du kan formulere spørsmåla dine. Det er òg viktig å finne ut kva som skal til for å få stadfesta eller avkrefta ein hypotese om at produktet ditt vil treffe ein marknad. Det viktigaste her er å få ærlege tilbakemeldingar frå potensielle kundar – ikkje dei svara du helst vil ha. I tillegg er det sjølvsagt viktig at du justerer ut frå dei tilbakemeldingane du får.

Film frå Innovasjon Norge

I filmen nedanfor (lengde 01:52) frå Innovasjon Norge får du forklart kvifor det er viktig å lage ei minimumsløysing av produktet ditt, som du kan få testa ut tidleg.

Det er viktig å få produktet tidleg ut til ei gruppe personar. Testing i marknaden gir deg mogelegheit til å justere produktet undervegs. Video: Innovasjon Norge / CC BY-NC-SA 4.0

Vidareutvikling av forretningsmodellen

Når du har funne ein forretningsmodell du trur du kan lykkast med, må du stadig vere på jakt etter mogelegheiter til å fornye og forbetre han. Viss ikkje vil bedrifta di neppe overleve på sikt.

Skrive av Tone Hadler-Olsen. Rettshavar: Innovasjon Norge.
Sist oppdatert 28.01.2026