Utvikling av teikneserie

Film: Camilla Collett som teikneserie
I filmen under (lengde 5:18) får du eit lite blikk inn i korleis tekstforfattar Birgitte Kleivset og teikneseriekunstnar Ronny Haugeland samarbeidde om teikneseriestripene om Camilla Collett.
Ei historie fortald gjennom tekst og teikningar
Gjennom dei fire rutene under får vi vite kvar Camilla Collett vaks opp, og korleis ho opplevde forskjellsbehandling i barndommen. Ho høyrer om Grunnlova og dagdrøymer om korleis ho skal bli med og feire denne, men dett i bakken når ho blir mint om krava som blir stilte til henne som jente.

Historia blir fortald med humor, og teikningane har informasjon om kvar dette er, kven som seier kva, og kva Camilla tenker. Teikningane har ein organisk strek og flater som har gode kontrastar. Teiknaren varierer perspektivet og komposisjonane. Han får til rørsle, sjølv om teikningane står stille, og vi kan førestille oss lyden av 17. mai-toget og av at Camilla deiser i bakken.
Alt er lov i teikneseriar
I stripa under er det den vaksne Camilla som fortel om seg sjølv og om korleis ho opplevde seg sjølv i ungdomsåra. Han har teikna den vaksne Camilla som eit snakkande hovud nede i hjørnet av rutene. Slik lar teiknaren den vaksne Camilla vere forteljar i historia om eiga ungdomstid. I ei teikneseriestripe kan du vere kreativ og finne på løysingar sjølv. Så lenge det kommuniserer det du vil fortelje, er alt lov.

Varierte oppsett
Teikneserieforteljinga om Camilla Collett er lengre enn mange andre teikneseriar. Då er det nødvendig å variere oppsettet for kvar del av forteljinga. Dei første fire døma i denne artikkelen er sette opp som fire bilete, eller ruter, men dei er sette opp litt ulikt. Ved å variere oppsettet unngår du at teikneserien blir einsformig og kjedeleg.

Hovudpersonen vender seg direkte til lesaren
I dømet under er det berre ei enkelt teikning. Camilla er no ei gammal dame og ho vender seg direkte til oss. Vi får vite at ho er på eit pensjonat i Paris, og ho deler nokre tankar om forfattarskapen sin med oss. Dette er ein fin måte å få forteljinga til å stoppe litt opp på, og vi som lesarar får noko å tenke over.

Oppgåve: Lag ei teikneseriestripe
Å fortelje ei historie ved hjelp av teikningar og tekst er ein morosam måte å utfordre seg sjølv kreativt på. Du kan allereie mykje om visuelle verkemiddel som du kan bruke for å skape drama, spenning og i det heile få fram det du vil formidle.
Tenk ut ei lita historie som du vil lage ei teikneseriestripe av. Start med nokre skisser, og vel fargar, stil og uttrykk før du begynner.
Monter den ferdige stripa på eit ark (A4 eller A3), og heng teikneserien opp på veggen.