Biletbøker

Multimodal tekst
Biletbøker er multimodale tekstar som er sette saman av illustrasjonar og skriftleg tekst. Dei kommuniserer både visuelt og verbalt, og forteljinga blir til gjennom samspelet mellom bilete og ord. Vi kan sjå på biletbøker som ei eiga litterær kunstform.
Det heilskaplege inntrykket som illustrasjonane og den skriftlege teksten skaper saman, kallar vi ikonotekst.
Film: Stian Hole om arbeidet med biletbøker
I filmen under (lengde: 4:42) møter vi illustratør og forfattar Stian Hole.
Tenk over
I filmen seier Stian Hole at vi kan tenke på biletboka som eit puslespel. Kva meiner han med det, og korleis kan du bruke den tankegangen om du sjølv skal formidle ei historie gjennom bilete og ord?
Korleis kan du gi informasjon om personane i ei forteljing gjennom rekvisittar? Kva for tre ting kunne passa til ei forteljing om deg?
Film: Korleis analysere ei biletbok?
I filmen under (lengde 5:25) gir Stian Hole oss nokre råd om kva vi kan sjå etter når vi skal analysere ei biletbok. Dette kan du òg bruke om du vil formidle ei historie gjennom bilete og tekst.
Tenk over
Kva kan du ta med deg frå Stian Holes beskriving av biletbøker når du sjølv skal formidle ei historie?
Allalderlitteratur
Ei biletbok kan ha fleire lag i teksten. Som ungdom forstår du symbol og kan kjenne igjen referansar som eit barn ikkje får med seg. Vi seier at ein tekst kan ha ei "dobbel forteljarstemme". Til dømes kan både barn og vaksne le godt av ei humoristisk biletbok, men dei ler gjerne av ulike ting. Slik kan biletbøker formidle historier som lesarar i alle aldrar kan kjenne seg att i.
Eigne erfaringar påverkar korleis vi opplever litteratur, og ulike aldersgrupper kan identifisere seg med handlinga og karakterane ut frå kvar sin ståstad. Tekstar som vender seg til både barn og vaksne, kallar vi allalderlitteratur eller allalderbøker.
Oppgåve
Lag eit oppslag (to sider ved sida av kvarandre) som fortel ei historie om deg og ein annan karakter som betyr noko for deg.
Ord kan utdjupe og gjere det tydelegare kva eit bilete skal formidle, eller dei kan utvide betydninga ved å fortelje litt meir eller noko anna enn biletet.
Skriv ein kort tekst og planlegg korleis du vil setje ord og bilete saman. Skal elementa forsterke eller utfylle kvarandre, eller vil du skape ei motsetning?
Relatert innhald
Korleis kan dialog mellom ord og bilete skape lesaropplevingar? Lær om arbeidet med å skape ei biletbok og få tips til å analysere denne typen tekst.