Dette hende meg!
Inspirasjon og forarbeid
Film: Amir Asgharnejad
Amir Asgharnejad er kjend som Herr Kunstmaler. I filmen under (lengde 4:37) fortel han korleis han har jobba ut frå hendingar i livet.
Reflekter og diskuter
Vel eitt eller to av motiva til Amir Asgharnejad i biletvisninga under.
Kva for visuelle verkemiddel bruker han for å få fram personlege historier i bileta sine?
Film: Vanessa Baird
Sjå portrettet av kunstnaren Vanessa Baird i filmen under (lengde 13:08). Han blei laga i forkant av kunstutstillinga Go Down with Me som ho hadde på Munchmuseet i 2024.
Reflekter og diskuter
Korleis vil de beskrive teiknestilen til Vanessa Baird?
Korleis beskriv ho kjensla av frykt, og korleis gjenskaper ho dette i bileta sine?
Korleis viser ho politiske meiningar gjennom kunsten sin?
Surrealisme
Surrealisme betyr noko som er meir enn det som er verkeleg og realistisk. Kunstretninga utforskar det underbevisste og draumeverda. I biletkunsten blei gjerne ting og figurar sette inn i nye og overraskande samanhengar.
Du kan lese meir om surrealismen i Store norske leksikon, eller du kan lese ein enklare versjon i Vesle norske leksikon.

Utstyr
skissebok eller prosessark
teikneblyantar og pennar
teiknepapir, akvarellpapir eller grunna bokpapp i minimum A3-format
sjølvvalt måle- og fargeleggingsutstyr

Prosessarbeid
Du skal dokumentere arbeidsprosessen din i eit prosesshefte. Du kan lese om kva du bør ha med der, i artikkelen "Prosesshefte".

Idéutvikling
1. Vel hending
Bestem deg for ei hending du hugsar godt, og som du vil visualisere. Dette treng du ikkje å gjere på ein realistisk måte. Det kan gjerne vere som ein draum eller i ein fantasi der alt er mogleg. Du kan overdrive og forstørre om du har lyst til det. Kva for visuelle verkemiddel kan du bruke for å få fram til dømes det dramatiske, humoristiske, vakre eller skumle ved dette minnet?
2. Lag skisser
Vel din eigen teiknestil og lag skisser. Du kan jobbe både analogt og digitalt i prosessen. Skriv ut digitale skissearbeid. Kommenter skissene dine fagleg.
3. Jobb med komposisjonen
Vel ein idé du vil jobbe vidare med, og lag ulike komposisjonsforslag. Jobb med å skape interessepunkt, og du kan gjerne framheve motivet ditt med formkontrastar, noko du kan lese meir om i denne artikkelen.
4. Fargebruk
Bruk kunnskapane dine om fargelære, og undersøk korleis du kan bruke fargar til å forsterke hendinga.
Gjennomføring
Teknikk
Lag biletet ditt på teikneark, akvarellpapir eller bokpapp. Bland minst to ulike teikne- og måleteknikkar for å skape eit rikt uttrykk. Det kan til dømes vere akvarell og svart penn eller akrylmåling og pastellkrit. Du vel sjølv kvar i biletet dei ulike teknikkane skal dominere.
Kollasj
Om du vil, kan du legge til kollasjteknikk. Klipp eller riv frå aviser eller magasin. Du kan òg bruke delar frå eige arbeid som du ikkje har bruk for lenger. Plasser bitane inn i komposisjonen din og vurder om du vil teikne eller måle oppå. Kollasjteknikken skal ikkje vere den dominerande teknikken i det biletet du lagar.

Refleksjon
Svar skriftleg på refleksjonsspørsmåla under:
Fekk du fram hendinga slik du ønskte? Grunngi svaret ditt.
Kva komposisjonsprinsipp kjem best fram i biletet ditt?
Korleis har du brukt fargar til å forsterke innhaldet i motivet?
Kva har du lært undervegs i prosessen? Ville du gjort nokon endringar om du skulle ha løyst oppgåva på nytt?
Innlevering
Prosesshefte
Ferdig bilete med visualisering av ei hending. Gi biletet ein passande tittel som du skriv på baksida.

Relatert innhald
Eit prosesshefte dokumenterer korleis du har jobba med eit prosjekt. Der skal du vise fagleg kompetanse og reflektere over utvikling og resultat.
Nettside hos nrk.no
