Tekstil samtidskunst
John K. Raustein (f. 1972)
John K. Raustein har utdanning frå Kunsthøgskolen i Bergen og Kunstakademiet i København. Han lagar taktile kunstverk ved å sy saman stoffbitar.
Film: Laget for hånd – John Raustein
I filmen under (lengde 2:28) fortel Raustein om prosessen sin, og om korleis han hentar inspirasjon frå minne.
Reflekter og diskuter
Raustein beskriv at det krev uthald å vere i ein skapande prosess. Korleis opplever de dette i dykkar eigne arbeidsprosessar?
Britta Marakatt-Labba (f. 1951)
Britta Margareta Marakatt-Labba er ein svensk-samisk tekstilkunstnar, målar og grafikar. Ho er ein av Sápmis mest internasjonalt kjende kunstnarar.
Film: Britta Marakatt-Labba – Sylkvasse sting
I filmen under (lengde 9:01) møter vi Marakatt-Labba i samband med utstillinga Sylkvasse sting i Nasjonalmuseet (2024). Utstillinga er tilgjengeleg i 3D-visning på Nasjonalmuseets nettsider.
Reflekter og diskuter
Korleis tek Britta Marakatt-Labba natur og samisk identitet med inn i kunsten sin?
Korleis bruker ho nål og tråd for å skape endring i samfunnet?
Åse Ljones (f. 1954)
Åse Ljones er ein norsk tekstilkunstnar som er utdanna ved Statens høgskole for kunsthåndverk og design. Ho skaper taktile broderi, gjerne med eit grafisk uttrykk. I fleire verk har ho brukt firkanta former som utgangspunkt.
Marthe Minde (f. 1984)
Marthe Minde har doktorgrad i kunstnarisk utviklingsarbeid innan tekstilkunst. På nettsidene sine fortel ho korleis ho bruker materiale frå nærområdet og spinn sin eigen tråd. Ho skriv at ho blei inspirert av den transparente vevteknikken Frida Hansen utvikla på slutten av 1800-talet. På same måte lar ho oss sjå gjennom trådane, men Minde har teke det eit steg vidare og laga tredimensjonale installasjonar.
Aurora Passero (f. 1984)
Aurora Passero har mastergrad i tekstilbasert kunst. Ho jobbar med voven og farga nylon og skaper installasjonar i grenselandet mellom skulptur og måleri. Verka hennar står i relasjon til rommet dei blir stilte ut i.

Lytt til podkasten
I podkastepisoden under får Aurora Passero spørsmål om kvifor ho har valt veveteknikk i kunstverka sine. Legg merke til korleis ho kombinerer kunnskap og erfaring frå studia sine med å utforske nye moglegheiter.
Tekstil samtidskunst – Aurora Passero
Aurora Passero fortel korleis ho arbeider med tekstile materiale i kunsten sin. Ho bruker veveteknikk, fargar nylon og skaper store, monumentale installasjonar.
Tekstversjon
Transkript – redigert av Lena Brittsdatter Johnsen
Deltakarar:Berit Boman – Programleiar
Aurora Passero, kunsthandverkar – AP
Programleiar: Vevar og biletkunstnar Aurora Passero. Ho er utdanna tekstilarbeidar, har selt og stilt ut kunstverka sine rundt omkring i verda og vunne haustutstillingsprisen. Aurora vev med nylontråd – med plast, altså – og har teke veving inn i kunsten.
Aurora, hei!
AP: Hei!
Programleiar: Når visste du at du ville lage kunst av tekstilhandverk?
AP: Eg veit ikkje om eg fekk ei sånn klar eureka-kjensle, eg kan ikkje datere det, men eg har alltid vore oppteken av tekstil som materiale. Mora mi er kostymedesignar, så det har hatt stor påverknad på meg sidan eg var liten. Huset der eg vaks opp, var alltid fullt av ulike tekstilar og materiale, bøker og motemagasin.
Programleiar: Ja, no ser eg ein vev, og eg ser vev... eh ...?
AP: Ein liten vev, ja, og vevearbeid, og noko tråd.
Programleiar: Vevearbeid heiter det, ja, men kvifor bruker du vev som ein av teknikkane i kunsten din?
AP: Det var litt tilfeldig. Eg byrja med tekstil og heldt lenge på med ulike materiale. Eg er veldig oppteken av installasjonar, av å bruke farge. Eg starta tidleg med å jobbe med akrylmåling, gips og nylontau, hugsar eg – eg laga sånne måleriske installasjonar direkte i rommet. Vi hadde kurs på skulen, så eg hadde vevkurs og innfargingskurs ganske tidleg, og vi lærte mykje om ulike tekstilmateriale: bomull, silke og så vidare. Men eg var nok på søken etter å kunne kombinere dette, å kunne jobbe med både måleri og skulptur.
Så vart eg mot slutten av andreåret på masterstudiet spurd om å gjere eit større arbeid inne på skulen. Då hadde eg lenge jobba med berre nylon, men då som tau, som eg heldt på med på ulike måtar. Eg visste at nylon var veldig lett å farge, så eg fletta det og sette det saman. Så var det ein lærar som rådde meg til å prøve å veve det, for då skulle eg gjere eit stort arbeid som bestod av veldig mange trådar, og vev er ein fin måte å kontrollere trådar på. Dermed byrja eg å veve, og då hadde eg ikkje hatt kurs sidan første klasse. Så eg hugsar den prosessen som heilt forferdeleg (ler). Eg måtte eigentleg lære alt på nytt. Det arbeidet vann eg seinare haustutstillingsprisen for, faktisk. Men det var sju meter langt og fem meter breitt – det var svært. Eg kasta meg vel meir eller mindre ut i det.
Programleiar: Kva trur du andre som jobbar som vevarar, seier om vevinga di?
AP: Eg veit ikkje, eg føler eg har fått veldig mykje oppbakking frå dei meir etablerte tekstilkunstnarane. Eg føler eigentleg berre veldig mykje støtte og glede over at nokon held fram med å insistere på tekstil, eller jobbe med det.
Programleiar: Du jobbar med nylon, som jo er ein slags plast. Fortel litt meir om kvifor du gjer det.
AP: Ja, det er heilt medvite. Eg liker at nylon er eit billeg materiale – eit overflatisk materiale, liker eg å seie. Du finn det i industrien, det blir brukt i presenningar. Det har ikkje same verdi som til dømes silke, som er mykje meir kostbart. For meg har det vore viktig at det ikkje blir for fint, viss du skjønar – for vakkert.
Programleiar: At materialet i seg sjølv er dyrt nok?
AP: Ja, det handlar om kva som skjer når eg tek det billege materialet og, kva skal ein seie, forvandlar det.
Programleiar: Lagar det til noko med verdi?
AP: Ja, det har ein verdi i seg sjølv – det møtet blir interessant, og det same gjeld kva plasten symboliserer. Ein kan nok kalle det eit vulgært materiale. Eg liker det jo, også sett i forhold til handverket, som har ei kulturell tyngde. Når ein jobbar med vev, som også er eit gammalt handverk, er det herleg å ta inn noko som rett og slett er meir glorete. For meg er det òg med på å dytte det heile vidare, på ein eller annan måte.
Programleiar: Gjere det moderne?
AP: Ja.
Programleiar: Det er nydeleg, det skin og er kvitaktig, nesten som sølv.
AP: Absolutt, det har ein metallisk effekt. Og den vi ser på no, er nærast ei lita kvit skisse. Den har eg ikkje farga enno, så dette er på ein måte råmaterialet. Som du ser her, har eg vove i ulik tjukne, altså brukt ulik tjukne på tråden, men alt er det som heiter lerretsbinding. Det er heilt "basic" over-under-veving, sånn som ein lærer i barnehagen, men som eg då vever på ein toskaftsvev, med ein tradisjonell vevstol. Flatvev heiter det då. Det som er med nylon, er at eg fargar det etterpå, og det syg til seg fargen veldig lett. Så det er eit utruleg takksamt materiale å jobbe med. Lyset speler òg ei veldig stor rolle, det blir nesten forførande.
Programleiar: Korleis skal unge handverkarar eller tekstilkunstnarar tenke for å ta vare på tradisjonar, men likevel gjere noko nytt, synest du?
AP: Det aller viktigaste er vel å følge hjartet, kan ein seie det? Ein skal respektere handverket, ein skal respektere historia, både norsk og eiga lokal kulturhistorie. Det tenker eg gjeld for alt. Ein skal vite kva ein kjem frå, og ha ei interesse for det, men så skal ein òg dra det vidare. Det er det eg prøver på, heile tida å dytte ting vidare – ikkje kalkulert, sånn "kva har aldri vorte gjort før", men for min eigen del – å utfordre meg sjølv og arbeidet, sånn at det heile tida utviklar seg.
Programleiar: Til noko som passar vår tid?
AP: Ja, du må òg vere merksam på samtida di. Det er veldig viktig, og eg merkar det sjølv. Ein skal stå med ein fot i fortida og ein fot fram.
Reflekter og diskuter
Korleis kan vi vidareutvikle kunsthandverk samtidig som vi tek vare på det?