Ta gode fotografi av kunsten din

God belysning
Naturleg lys er det beste for å ta bilete av kunstverk. Prøv å plassere teikninga eller måleriet nær eit vindauge eller i eit godt opplyst rom. Unngå direkte sollys, då dette kan skape harde skuggar. Ein dag med overskya himmel har jamt og blautt lys. Sjekk at flata du skal fotografere, har jamn belysning utan skuggar frå deg eller kameraet.
Vinkel og avstand
Plasser kameraet ditt vinkelrett på kunstverket for å unngå forvrenging. Er både kunstverket og kameraet loddrett, blir det bra. Juster avstanden slik at heile kunstverket kjem i fokus.
Bruk stativ
For skarpe bilete er det best å bruke stativ. Det held kameraet stabilt og reduserer risikoen for rørsle-uskarpleik, spesielt i dårlege lysforhold eller med lengre eksponeringstider.
Juster innstillingane på kameraet
Bruk manuelle innstillingar på kameraet ditt viss mogleg. Still inn ISO, blendaropning og lukkarhastigheit for å oppnå rett eksponering. Prøv å bruke låg ISO for å unngå støy i biletet. Ei mellomstor blendaropning (f/8 til f/11) vil vanlegvis gi skarpe resultat over heile biletet. Du kan teste kva som skjer med bileta når du forandrar innstillingane for blendaropning, lukkartid og ISO-verdiar viss du følger denne lenka til kamerasimulatoren.
Etterbehandling
Etter at du har teke bileta, kan det vere nødvendig å justere kontrast, fargebalanse og skarpleik i ei biletredigeringsprogramvare. Du kan finne appar som kan gjere dette på telefonen. Bruk dei originale kunstverka til å justere etter når det gjeld fargebalanse, kvitbalanse og fargemetting. Det endelege resultatet skal spegle dei verkelege fargane og detaljane i kunstverket.
Fleire bilete frå ulike vinklar
Ta alltid fleire bilete frå ulike vinklar og avstandar. Det er betre å ha for mange bilete å velje blant enn for få. Dei ubrukte bileta kan du slette etter at du har valt ut dei beste.
Bruksområdet til bileta
Ofte held det å ta bilete med telefonen. Til dømes når du skal levere inn dokumentasjon til ei skuleoppgåve. Ver likevel nøye med å få dei så gode som mogleg. Det du leverer inn, dannar eit inntrykk av kompetansen din.
Bilete som skal brukast til å presentere deg som kunstnar, bør du prøve å få til med så høg kvalitet som mogleg.
Oppgåve
Finn ei teikning eller eit måleri du er fornøgd med. Fotografer dette på best mogleg måte. Ver ekstra merksam på å halde kameraet vinkelrett til flata du skal fotografere. Juster bileta digitalt om nødvendig.
Relatert innhald
Det finst ingen reglar for fotografering, berre gode råd.