Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Samiske samtidskunstnarar

Moderne samisk kunst blir kalla dáidda. Samisk kunst har stor variasjon i materiale, teknikkar og uttrykksformer. Vi skal sjå nærare på korleis samisk identitet kan komme til uttrykk, og korleis kunsten kan ta opp aktuelle sosiale og politiske spørsmål.

Røter i tradisjonane

Eit særtrekk ved kulturen til samane er det nære forholdet til naturen og korleis dei bruker naturressursane. Ifølge samisk religion har både menneske og dyr sjel. Også ting, plantar og stader i naturen kan vere besjela av ånder eller gudar. Alt er knytt saman.

Samane har lange tradisjonar for handverk og brukskunst, eller duodji som det blir kalla på nordsamisk. Sjølv om bruksverdien var det viktigaste, blei gjenstandane vakkert utforma og dekorerte. Mange samiske kunstnarar bruker duodji som inspirasjon.

Iver Jåks (1932–2007)

Iver Jåks var ein pioner og viktig rollemodell for samisk kunst. Han jobba som teiknar, målar, grafikar, kunsthandverkar og skulptør. Han har òg designa sølvet til finnmarksbunaden, laga store kyrkjetekstilar og veggillustrasjonar.

Jåks kunne bruke symbol frå den eldre samiske religionen. Han bygde vidare på samiske handverkstradisjonar og er kjend for kunstverk i tre, horn, bein og skinn.

Outi Pieski (f. 1973)

Outi Pieski bruker natur og kultur i den arktiske regionen som tema i kunstverka sine. Ho er ein samisk-finsk kunstnar som arbeider med måleri og installasjonar, ofte i kombinasjon med tradisjonelt handverk.

I installasjonen under har ho brukt frynser, som dei vi ser i sjal over nordsamiske kufter. Desse har ho plassert inn i ein heilt ny samanheng for å skildre lyset og landskapet i nord.

Folke Fjällström (1940–2025)

Folke Fjällström var ein sørsamisk kunstnar frå Våladalen i Sverige. Han deltok i mange utstillingar, både i Norden, USA og Japan.

Synleg samisk kunst har omtrent vore fråverande i norske kyrkjer, men dette er i ferd med å endre seg. Folke Fjällström vann konkurransen blant samiske kunstnarar om å utforme eit samisk alter til Nidarosdomen. Dette blei innvigd på samefolkets dag 6. februar i 2017. Materialet er bjørk som er olja og behandla etter samisk tradisjon.

Ornamentikk

I samisk tradisjon har ein dobbel eigenskap. Han er både dekorativ og meiningsberande. Ornamentikken på det samiske alteret blir beskrive slik på Nidarosdomens nettsider:

[Den] består av tegn, parallelle linjer, border og ulike mønsterflater med flettverksornamentikk. Trekantstikk representerer ulike relasjoner mellom mennesker, naturen og maktene. Plasseringen av bordene langs de krumme bøylene gir konteksten for tolkningen av natur og naturkrefter (Nidarosdomen, 2020).

Kulturell identitet og politisk innhald

Lena Stenberg (f. 1961)

Mange samiske kunstnarar utforskar og uttrykker den kulturelle identiteten sin gjennom kunsten. Lena Stenberg jobbar med skulptur, installasjonar og fotografi. I utstillinga Grenser (2023) tek ho opp undertrykkinga av samane og korleis grensedragingar mellom Noreg, Finland og Sverige har påverka det samiske folket.

Samisk senter for samtidskunst: Lena Storberg – Grenser

Film frå atelieret til kunstnaren

I filmen under (lengde 7:33) besøker vi Lena Stenberg i atelieret hennar.

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Máret Ánne Sara (f. 1983 )

Máret Ánne Sara er ein kunstnar som har fått stor internasjonal anerkjenning. Ho tek med seg erfaringane sine frå det samiske samfunnet inn i kunsten. Ofte bruker ho materiale frå reindrifta til å ta opp politiske spørsmål. I Pile o´Sápmi Supreme (2017) får ho fram konsekvensane av tapte rettar og kolonialisme.

Film: Pile o´Sápmi Supreme

I filmen frå utstillinga i Nasjonalmuseet (lengde 1:55) kan du studere installasjonen nærmare og høyre historia bak verket.

Britta Marakatt-Labba (f. 1951)

Fleire kunstnarar bruker landskapet og dyrelivet som inspirasjon og kommenterer miljøspørsmål og berekraft. Britta Marakatt-Labba er ein svensk-samisk tekstilkunstnar, målar og grafikar. I utstillinga Sylkvasse sting på Nasjonalmuseet (2024) tek ho mellom anna opp kampen mot kolonisering og øydeleggingane industrialiseringa fører med seg.

Utstillinga Sylkvasse sting er tilgjengeleg 3D-visning på nettsidene til Nasjonalmuseet.

Film: Sylkvasse sting

I filmen under (lengde 9:14) møte vi Britta Marakatt-Labba. Ho viser korleis ho jobbar med kunsten sin, og vi får sjå litt av førebuingane til utstillinga.

Den samiske paviljongen på Veneziabiennalen

Kunstbiennalen i Venezia blir ofte omtalt som den viktigaste kunstutstillinga i verda. I 2022 representerte tre samiske kunstnarar Norden på denne internasjonale utstillinga.

Film: The Sámi Pavilion, La Biennale di Venezia 2022

I filmen under (lengde 9:51) møter du Anders Sunna, Pauliina Feodoroff og Máret Ánne Sara. Dei fortel oss historiene bak verka som blei utstilte i den samiske paviljongen på Veneziabiennalen i 2022.

Filmen er produsert av Office for Contemporary Art Norway (OCA). Han er laga av Egil Pedersen frå Snöfokk Film AS, og musikken er produsert av Mette Henriette (ECM).

Kjelder

Aarseth, B. (2024). Iver Jåks. I Norsk biografisk leksikon. https://nbl.snl.no/Iver_J%C3%A5ks

Gaski, H. (2023. 4. juni). Samisk kunst. I Store norske leksikon. https://snl.no/samisk_kunst

Gunnerød, S. (2025, 28. november). Outi Pieski. I Store norske leksikon. https://snl.no/Outi_Pieski

Hansen, H. H. (2021, 28. januar). Samisk kunst – Et mangfold av praksiser. https://kunstkultursenteret.no/ressursbase/samisk-kunst-et-mangfold-av-praksiser/

Jernsletten, K. (2022, 8. mars). Seide. I Store norske leksikon. https://snl.no/seide

Løøv, M., Kraft, S. E., Gaski, H., & Fonneland, T. (2024, 22. august). Samisk religion. I Store norske leksikon. https://snl.no/samisk_religion

Melvær, M. (2024, 27. desember). Britta Marakatt-Labba. I Store norske leksikon. https://snl.no/Britta_Marakatt-Labba

Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen. (2021, 28. januar). Samiske samtidskunstnere. https://kunstkultursenteret.no/ressursbase/samiske-samtidskunstnere/

Nidarosdomen (2020, 23. november). Det samiske alteret. https://www.nidarosdomen.no/nyheter/2020/det-samiske-alteret

Office for Contemporary Art Norway. (2022). The Sámi Pavilion. https://oca.no/no/venice-biennale-2022

SVT (2025, 10. desember). Slöjdaren och konstnären Folke Fjällström är död. https://www.svt.se/nyheter/sapmi/konstnaren-folke-fjallstrom-ar-dod

Relatert innhald

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 30.01.2026