Samisk identitet uttrykt i kunstverk
Del 1: Forarbeid
Les artikkelen om samiske samtidskunstnarar, og sjå dei fire kortfilmane som ligg der.
Bruk ressursen frå Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen:
Samiske samtidskunstnere og gjer deg kjend med nokre av kunstnarane som er representerte der.

Del 2: Fordjuping
Samarbeid i grupper på to–tre elevar.
Vel ein samisk samtidskunstnar som de vil fordjupe dykk i, og plukk ut eitt kunstverk som de vil undersøke nærare.
Presenter kunstnaren og verket. Som hjelp kan de bruke malen:
Drøft korleis samisk identitet kjem til uttrykk i verket.

Del 3: Presentasjon
Sit saman med ei gruppe som har valt ein annan kunstnar enn dykk.
Presenter kunstnaren og verket de har valt, for kvarandre.
Samanlikn korleis samisk identitet kjem til uttrykk i dei ulike verka.
Relatert innhald
Identiteten din er knytt til den sosiale fellesskapen du er ein del av. Oppfatninga du har av deg sjølv blir påverka av andre si oppfatning.