Podkast: Berekraft og skapande prosessar

Intervju med eit kreativt menneske
Lytt til samtalen Eivind Stoud Platou har med Oda Weider-Krog i podkasten under. Her fortel han kvar de kan leite etter materiale, og korleis han sjølv jobbar med kreative prosjekt. De kan sjå bilete frå nokre av prosjekta hans i presentasjonen nedanfor.
Berekraft og skapande prosessar
I denne episoden (lengde 13:51) er det berekraft og skapande prosessar som står i fokus. Programleiar er Oda Weider-Krog, og dagens gjest er Eivind Stoud Platou.
Tekstversjon
I: Intervju
E: Eivind Stoud Platou
I: Hei og velkommen til ein ny episode av kunst og visuelle verkemiddel. I denne episoden er det berekraft og skapande prosessar som står i fokus. Namnet er Oda Weider-Krog, og dagens gjest er Eivind Stoud Platou.
E: Hei.
I: Hei og velkommen.
E: Tusen takk, tusen takk.
I: Du er så mangt og mykje, så eg tenker at du skal få lov til å introdusere deg sjølv for meg og desse skapande elevane som sit og lyttar.
E: Oi!
I: (Latter)
E: I mitt daglege virke, sånn reint formelt, er eg grafisk designar og driv eit designstudio som heiter Handverk, så det passar veldig fint. Det røper vel at eg synest det er gøy å jobbe med hendene. Eg gjekk på vidaregåande skule ein gong, og etter det har eg på ein måte surra rundt i design, visuell kommunikasjonsfaget, jobba i reklamebyrå, litt i Noreg, litt i Spania, litt i England, og etter kvart starta vi det som no er Handverk. Vi har rota oss borti alt mogleg rart frå film … og har òg eit eige forlag. Og så er det jo det vi skal snakke om i dag, som eg er veldig oppteken av. Det eine er sjølvsagt visuell formidling, som er det eg får lov til å leve av. Og så er eg veldig personleg oppteken av miljø, berekraft, sånne ting. Eg har jobba mykje med gjenbruk og upcycling og resirkulering og sånne ting, og jobbar òg stort sett med oppdragsgivarar som også er opptekne av det. Og eg er veldig oppteken av formidling. Om eg klarer å kombinere desse tinga, med handverk, berekraft og formidling, så er eg supernøgd.
I: Det er veldig spennande. Kor lenge … eller har alltid berekraft og resirkulering i prosjekta dine … Var det eit vendepunkt? Var det noko som skjedde som gjorde at du tenkte: “No vil eg òg implementere berekraftperspektivet i det kunstnariske uttrykket mitt?” Eller har det alltid vore ei grøn linje?
E: Eg har vel alltid vore interessert i det, og kjem typisk frå ein sånn … Eg har ein oppvekst der anten mor mi eller far min kan fikse alt. Og så tenker eg at ein sånn forelder vil eg òg vere. Det er ikkje sånn viss barna kjem og spør: “Kan du fikse sykkelen?” “Nei, vi kastar han og så kjøper vi ny.” Det er nokre sånne greie der som sit i ryggmergen frå foreldregenerasjonen. Og så er eg vel òg litt skrotnisse, eg er vel ein sånn hoarder.
I: Samlar?
E: Samlar. I: Ja.
E: Eg har eit kjempestort lager med veldig mykje rart, og så har eg liksom ei unnskyldning i og med at eg jobbar som grafisk designar. At alle desse gamle frimerka og øletikettane og postkorta og ikkje minst gamle leiker, då, er ting som eg på ein eller annan måte klarer å bruke. Det rettferdiggjer at eg får putta det inn i jobben min.
I: Ja.
E: Så det er vel eigentleg det då, at når ein då tråkkar over det som liksom er kunstdelen av det, då er det alle desse tinga eg på ein eller annan måte har samla på. Når du har mykje og nok av noko, når det ein eller annan kritisk masse som gjer at: “Hm, no kan eg jo gjere noko med det.”
I: Ja, fordi vi vil jo inspirere og engasjere, og kanskje bevisstgjere litt òg. Fordi for meg er jo berekraft og kunst politikk, som eg synest er viktig å få med i desse dagar der nokon påstår at kunst kan lagast med KI, og at berre det er fint, så er det kunst. Der er eg personleg sterkt ueinig og tenker jo at kunst er stemma til kunstnaren.
E: Ja, eg har liksom ikkje sett opp som prosjekt at eg personleg skal redde noko med arbeida mine, men nesten alt eg gjer, er forhåpentleg døme på noko som er gøy. Så når eg lagar noko av gamle ting, er det ofte ein veldig tungvint måte å drive berekraftig virke på.
Eg må fortelje litt av forhistoria, for alle desse tinga som er her, som de har sett bilete av, eller som det ligg bilete av på ein eller annan måte knytt til dette vi snakkar om, er ting som starta med loppis, rett og slett. Eg har alltid vore glad i loppemarknad, og kona mi òg er det, og så trur eg det var berre at Gunilla ein eller annan gong spurde: “Du, kva skjer med alle dei bamsane og dei leikene?” Så skjønner eg at dei største møblane og ein del av bøkene og sånne ting som er igjen på ein loppemarknad, blir tekne vare på eller blir sende ein annan stad. Men stort sett alt som var av leiker som ikkje blei selde, blei kasta. Så det starta eigentleg som eit naivt redd leikene-prosjekt, og så sanka vi med oss dei leikene som var til overs.
Det tok litt tid før eg visste kva eg skulle bruke det til, og sakte men sikkert begynte eg å lage litt figurar og sånt. Det var gøy å kombinere små leikefigurar med bestikk, og så var det starten på det, sånn elg som fekk gaflar som gevir og så vidare. Sakte, men sikkert begynte eg å setje desse tinga saman, og så blei det til lamper og andre ting. Eg fann ein gammal globus, og så fylte eg alle dei tilgjengelege jordområda med leikebilar, og plutseleg var det ein gøyal leiketing samtidig som det òg var som eit sånt … Det blei plutseleg eit bilete, ikkje sant, og det biletet blei seinare eit cover på eit magasin for Naturvernforbundet, som handla om korleis vi bruker opp jorda. Så det starta med å redde leikene, og så syntest eg det var gøy å leike. Det må alltid vere litt tøyseting, det er ingenting som er så alvorleg at ein ikkje kan tøyse litt.
I: Nei.
E: Men så er det òg gøy å legge inn litt bodskap i det òg, utan at det er påtrengande.
I: Ja, for det er jo òg noko med det at når de skaper, så er det jo det du snakkar om no, korleis kunstuttrykket eigentleg speglar samfunnet litt òg? Det å ha det i bakhovudet for elevane no som skal skape, som skal finne det visuelle kunstnariske uttrykket sitt. Korleis er det du går frå desse idéane dine? Korleis poppar dei berre opp? Eller er det nokon du snakkar med? Til dømes denne globusen … Eller så synest eg òg eit bilete som er heilt fantastisk, eit verk som fanga merksemda mi veldig, det er desse kosedyra. Kva er idéen din bak det verket?
E: Det med bamsen er eigentleg eit veldig godt døme, fordi noko av det som er i alle desse leikene som vi har med oss heim, er at alle desse små, om det er ein Pokémon-figur, eller om det er ein liten bamse, eller om det er ein liten bil, så er det nokon som har leika med dei, og det ligg så mykje innbakt i dei tinga. Sånn at når eg driv og lagar noko av leiker som folk har leika med og har eit forhold til, så får eg med på kjøpet veldig mykje minne, referansar … Det er liksom nostalgi, det er barndomsminne.
I: Det er jo ei lita historie.
E: Ja, ikkje sant? Alle desse bamsane har vore kosedyra til nokon. Det har vore trøysta til nokon, sånn at kvar bamse er ein haug med opparbeidd … Det er eit sånt batteri av klemmar, av hygge og kos. Så den første eg laga, var denne, Super Teddy som han heiter, som er ein to meter høg sitjande bamse som er laga av, eg trur det var nesten 800 bamsar. Og det er eigentleg berre superkraft, for det er liksom alle dei klemmane frå alle dei 800 bamsane som til saman blir ein kjempebamse. Og Super Teddy, han sit på Montebellosenteret ved Lillehammer og har heiltidsjobb med å trøyste barn som driv med å komme seg etter kreftsjukdom, for det er ein stad der kreftpasientar og pårørande kan dra for å trene seg opp til kvardagen igjen.
I: Rehabiliteringssenter? Ja, og det er veldig rørande.
E: Ja, eg er veldig glad for at han er der.
I: Ja.
E: Og så må eg opp dit av og til for å fikse litt på han, for han blir klemd sund.
I: (Latter).
E: Så han blir rett og slett kost med så hardt at eg har vore der oppe eit par gonger etterpå, med eitt eller to års mellomrom, og må setje på nokre nye bamsar og feste nokre bamsar (latter).
I: Det er veldig flott. Og det er jo noko med den verdien du ikkje får viss alt materialet du bruker er nytt.
I: Du har laga eit fantastisk anna spennande verk som er bodskapstungt, kan ein seie, sjølv om dette verket ser veldig lett ut.
E: (Latter)
I: Og det er den oransje bøtta der det berre renn masse leiker ut.
E: Overflødigheitsbøtte, ja?
I: Ja.
E: Det er eit klassisk døme på mange idéar som krasjar saman. Eg tok det klassiske overflødigheitshornet og putta berre masse plastleiker som renn ut av ei bøtte. Og så var det òg ein del av eit klassisk visuelt triks, ikkje sant, for det ser ut som om bøtta svever. Noko av idéen der handlar rett og slett berre om å finne ein kul måte å løyse det på, sånn at det ser ut som om denne bøtta berre svever i lufta, og så lage ein sånn rigg som eg då kunne skjule med alle desse små leikene som renn ut.
I: Kan du avsløre korleis du får henne til å sveve?
E: Det er veldig lett. Bøtta er berre skrudd fast i ein slags trehoppbakke, og så har eg måla og berre kledd inn og skjult alt det som ikkje skal sjåast, med sånne små plastfigurar som renn ut.
I: Eg trudde nesten ho hang i fiskesnor.
E: Ja (latter).
I: At eg kunne dytta på henne, og så hadde ho begynt å røre på seg.
I: Idéar, dei kan jo føre til så mangt, og av og til står ein skikkeleg fast og veit ikkje kvar ein skal begynne. Eg skriv ein del og har kanskje ei oppgåve eg skal skrive, og så begynner hjernen min samtidig å skrive på noko heilt anna som eg tenker er mykje morosamare, og “eg må ikkje gløyme det”. Er det litt sånn med deg òg, at du kan begynne å skape eit verk eller eit prosjekt, og så er det ein annan del av hjernen din som også begynner å bygge på noko nytt?
E: Definitivt. Der nailar du eigentleg grunnmetoden for meg som menneske.
I: Ja.
E: Eg er veldig glad i å ha ei fysisk skissebok. Sjølv om du har ein tablet som du kan skrive på for hand og sånne ting, er det framleis ting du ikkje kan gjere. Du kan ikkje skrive namnet ditt med ketchup på ein tablet, og du kan heller ikkje lime inn den kinobilletten eller eit eller anna søppel som berre var fint, og som du puttar inn der. Noko av poenget med å ha desse skissebøkene er jo akkurat som du seier, du held på med noko, og så begynner hovudet ditt å vandre. Det er ikkje alltid du kan forfølge den tanken, men då må du få han ned ein eller annan stad, og då er det liksom å få han ned på telefonen eller i skisseboka eller kvar det er, og då er det ikkje så farleg om du begynner å skli litt. Så berre: “Ok, fint, få det ned” , og så gå vidare.
I: Ok. Om vi skal samanfatte berekraft og skapande prosessar. Ver litt klar over arbeidsmetoden din, korleis du arkiverer idéar og lagrar idéar og inspirasjon. Kor viktig tenker du at det er for elevane når dei no skal gyve laus?
E: På mange måtar, anten du jobbar som kunstnar eller i kva som helst anna kreativt fag, så er det jo idéane dine du lever av. Men, det er eit men der, og det er at du lever ikkje eigentleg av idéen, du lever av gjennomføring. Så det er eit herleg paradoks som ligg i botnen der, at du må ta vare på idéane dine, derav desse skissebøkene og sånne ting. For alltid når du held på med noko, så er det mange ting som er til overs, og det er det du må ta med deg vidare. Samtidig er jo ikkje dei idéane verde noko før du gjennomfører dei. Derfor må du heile tida ta vare på alle idéane du ikkje får brukt, og så må du lage, gjennomføre, og heller lage masse ræl som ikkje fungerer. Og om du lagar masse ræl av gammalt ræl, så er det ikkje så farleg.
I: (Latter)
E: Då blir det ikkje noko meir søppel av det. Då var det berre søppel frå før som blir nytt søppel, og det er heilt greitt, så kan du plukke frå kvarandre og gjenbruke det på nytt.
I: Ja.
E: Så av og til er det nesten betre berre å begynne. Noko av det viktigaste med all interessant kunst er jo at det er eit eller anna skurrar, det er eit eller anna som luggar, det er eit eller anna som ikkje er rett. For om noko er perfekt, får ein berre slør over auga, så er det berre tapet, då er det berre dekor, då har det ikkje nokon funksjon. Så det må vere noko som stikk ut og bryt.
I: Eivind, dette har vore veldig inspirerande og veldig lærerikt. Tusen takk for ein super prat.
E: Takk for meg.
I: Og de skapande menneske, lykke til på vegen og ta berekraftige gode val! Takk for i dag.
Sjå Eivinds bilete
La gjenbruksmateriale bli til eit kunstverk
De kan lage eit kunstverk som kan hengast på veggen som eit bilete, eller de kan jobbe i rommet og lage ein skulptur.
Oppgåve 1. Lag eit bilete av gjenbruksmateriale
I ein kollasj kan du setje saman bitar frå avis- og magasinsider, restar av papir eller tekstil og det du elles tenker kan passe. Det er ingen strenge reglar for ein kollasj. Biletet kan gjerne ha ein relieffverknad. Det vil seie at motivet stikk ut frå bakgrunnen.
Lag ein kollasj på ei papplate som er omtrent i A3-format. Du kan godt la det vere litt klaring frå kunstverket til kanten av plata. Temaet bestemmer du sjølv.

Oppgåve 2. Lag ein skulptur
Gå saman i grupper og finn ut kva de har tilgang på av gjenbruksmateriale frå skulen, heime eller frå ei lokal bedrift. Lag ein materialbank som de kan bruke til å lage ein skulptur som er innanfor ein storleik på 30 cm i kvar retning. Bestem dykk for eit tema, og lag gjerne individuelle skisseforslag før de vel ein idé.
