Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Kunstfaglege oppgåver til Waste Land

Sjå først dokumentarfilmen Waste Land frå 2010. Diskuter deretter oppgåvene i mindre grupper. La dykk inspirere til å lage ein installasjon eller ein skulptur som tek opp avfallsproblematikk eller eit anna sjølvvalt tema.

Til læraren

Tverrfagleg samarbeid

Dokumentarfilmen eignar seg godt som inngang til eit tverrfagleg prosjektarbeid. På alle trinn kan ein jobbe med det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling. På vg1 kan det i tillegg vere aktuelt å kombinere det kunstfaglege med engelsk, norsk og naturfag, mens på vg2 kan prosjektet knytast til samfunnskunnskap og norsk.

Tips til organisering

I brukartesting av opplegget brukte klassen 4 skuletimar på dei to første delane og 16 timar på del 3.

Del 1

Lærarane let elevane diskutere i grupper på fire. Dei introduserte eitt spørsmål om gongen og styrte kor mykje tid elevane skulle bruke på kvart spørsmål. Ein elev hadde rolla som sekretær.

Del 2

Vi har lagt inn nokre forslag til lenker som elevane kan starte med, men oppfordrar til å la dei utforske breitt. Testskulen bad kvar gruppe om å samle døme i eit felles dokument.

Del 3

Testskulen valde å oppgi 30 centimeter som eit cirkamål for skulpturen.

Dokumentarfilmen Waste Land

I den prislønte dokumentaren Waste Land (lengde 1:34:47) dreg kunstnar Vik Muniz til verdas største søppelfylling for å lage kunst av det same søppelet som arbeidarane her plukkar til dagleg. Resultatet er ikkje berre vakre portrett, men vi blir også kjende med dei vakre menneska bak portretta.

Del 1: Drøftingsoppgåver til filmen

  1. I filmen seier Vik Muniz: "Den augeblinken når ein ting blir til noko anna, er den vakraste" (00:53:15). Kva tenker de om dette sitatet?

  2. Korleis opplever de bileta frå kunstprosjektet Waste Land? Blir opplevinga påverka av at de blir kjende med personane på bileta gjennom filmen?

  3. Eit portrett bør trekke fram vesentlege sider ved personen som blir avbilda. Korleis jobbar Vik Muniz for å fram personlegdommen i portretta han lagar?

  4. Materialbruk er ein viktig del av kunstprosjektet. Kva oppnår dei med å gjenbruke materiale frå søppelfyllinga ved Jardim Gramacho?

  5. Kontrastar kan skape spenning. Korleis jobbar kunstnaren og medarbeidarane hans for å få fram kontrast mellom lys og mørke i portretta?

  6. I portrettet av Tiaõ (Sebastiao Carlos dos Santos), under til venstre, er modellen plassert i eit badekar. Dette motivet refererer til det kjente historiemåleriet: Marats død av Jacques-Louis David (1793), under til høgre. Finn ut meir om historia bak dette biletet. Påverkar kunnskapen om måleriet korleis de opplever portrettet av Tiaõ?

  1. Motivasjonen for kunstprosjektet var å gi noko tilbake til avfallssorterarane og setje søkelys på livssituasjonen deira. Korleis lykkast dei med det?

  2. Korleis påverka kunstprosjektet sjølvbiletet til deltakarane?

  3. Kunstnaren lar arbeidarane få smake på eit liv som dei færraste av dei får oppleve. Er det etisk forsvarleg at kunstnaren tek arbeidarane ut av deira vante omgivnader for ei kort stund?

Del 2: Utforskingsoppgåver

  1. Undersøk korleis andre kunstnarar har brukt liknande tema, som til dømes miljøspørsmål eller sosial urettferd.

    Aktuelle lenker

    De kan bruke digitale utstillingar frå Kunst i Skolen til å undersøke korleis andre kunstnarar har jobba med samfunnsaktuelle spørsmål:

    Nedanfor finn de nokre andre kunstnarar det kan vere aktuelt å utforske:

  2. Bruk fem minutt kvar for dykk til å tenke over korleis kunst kan påverke kva som skjer i samfunnet. Diskuter spørsmålet i mindre grupper etterpå.

Del 3: Skapande arbeid

Lag ein installasjon eller ein skulptur

Samarbeid om å gjenbruke materiale og å lage ein installasjon eller ein skulptur som tek opp avfallsproblematikk eller eit anna sjølvvalt tema.

Idémyldring

  • Diskuter korleis ein installasjon eller ein skulptur kan ta opp avfallsproblematikk, eller finn eit eige tema de vil ta opp.

  • Korleis kan de gjenbruke materiale?

  • Kva gjenbruksmateriale har de tilgang til? Er det noko de kan ta med heimanfrå eller få frå ei lokal bedrift?

  • Kva kan de gjere med kunstverket (eller utstillinga) for å engasjere publikum?

Planlegging

Skaff dykk oversikt over kva materiale de har tilgang til, og lag skisser over moglege kunstverk de kan lage. Legg ein plan for kva som må gjerast innanfor den tida de har til rådvelde. Bestem dykk for ein tittel for kunstverket.

Gjennomføring

Finn fram materiale og verktøy de treng for setje i gang produksjonen av kunstverket. Dokumenter prosessen med foto undervegs i prosjektet. Når installasjonen eller skulpturen er ferdig, tek de eit fotografi som viser kunstverket på best mogleg måte. Bruk biletet på ein plakat saman med ein kort tekst som fortel litt om tankane bak verket.

Innlevering

De skal levere inn

  1. skulptur eller installasjon

  2. plakat

Relatert innhald

Nyklassisisme

Nyklassisisme er brukt om fleire stilretningar som varte frå ca. 1770 til 1830. Eit felles kjenneteikn er at kunstnarane henta inspirasjon frå antikken.

Skrive av Inger Gilje Sporaland, Bjørn-Ole Schjølberg og Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS.
Sist oppdatert 03.02.2026