Plakat med komposisjonsdøme

Del 1: Komposisjonsprinsipp
Vel nokre komposisjonsprinsipp du har lyst til å utforske nærmare etter at du har lese deg opp om det i artikkelen "Komposisjonsprinsippa brukte i foto".
Del 2: Bruk komposisjonsprinsippa i bileta dine
Du skal levere ein biletserie der kvart bilete demonstrerer eitt eller fleire av komposisjonsprinsippa frå lista under. Motiva kan vere av menneske, arkitektur, natur, stilleben eller ei blanding av desse.
Tredelingsregelen
Skala: kjende storleikar
L-komposisjon
Forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn
Innramming
Leielinjer
Overlapping
Formkontrast
Symmetrisk balanse
Asymmetrisk balanse
Froskeperspektiv
Fugleperspektiv
Del 3: Lag ein plakat med eigne fotografi
Du skal velje sju av bileta dine og presentere dei på ein plakat (A3) der du viser og kort forklarer dei komposisjonsprinsippa du har brukt. Ver kreativ med layouten, men ta omsyn til dei retningslinjene du lærer om i artikkelen "CRAP-reglane". Plakaten skal ha med ein tittel. Du kan bruke "Blikket fangar" eller noko du synest passar betre.