Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Plakat med komposisjonsdøme

Du treng å kunne noko om komposisjon både når du tek bilete, og når du skal setje fleire bilete saman på ein plakat eller i ein presentasjon. Ved å bruke komposisjonsprinsippa kan du få til fotografi du er nøgd med, og som er verde å vise fram.

Del 1: Komposisjonsprinsipp

Vel nokre komposisjonsprinsipp du har lyst til å utforske nærmare etter at du har lese deg opp om det i artikkelen "Komposisjonsprinsippa brukte i foto".

Del 2: Bruk komposisjonsprinsippa i bileta dine

Du skal levere ein biletserie der kvart bilete demonstrerer eitt eller fleire av komposisjonsprinsippa frå lista under. Motiva kan vere av menneske, arkitektur, natur, eller ei blanding av desse.

  1. Tredelingsregelen

  2. Skala: kjende storleikar

  3. L-komposisjon

  4. Forgrunn, mellomgrunn og bakgrunn

  5. Innramming

  6. Leielinjer

  7. Overlapping

  8. Formkontrast

  9. Symmetrisk balanse

  10. Asymmetrisk balanse

  11. Froskeperspektiv

  12. Fugleperspektiv

Del 3: Lag ein plakat med eigne fotografi

Du skal velje sju av bileta dine og presentere dei på ein plakat (A3) der du viser og kort forklarer dei komposisjonsprinsippa du har brukt. Ver kreativ med layouten, men ta omsyn til dei retningslinjene du lærer om i artikkelen "CRAP-reglane". Plakaten skal ha med ein tittel. Du kan bruke "Blikket fangar" eller noko du synest passar betre.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 09.03.2026