Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Nyklassisisme

Nyklassisisme blir brukt om fleire stilretningar mellom cirka 1770 og 1830. Eit felles kjenneteikn er at kunstnarane henta inspirasjon frå antikken, særleg frå den greske og romerske kulturen. Vi skal sjå på nokre utvalde biletkunstnarar frå denne perioden.

Film om opplysningstid og klassisisme

Klassisisme refererer til kunst, litteratur og arkitektur som bygger på tradisjonar som går tilbake til den greske og romerske antikken. I filmen under (lengde 2:01) blir du kjend med den historiske perioden på 1700-talet.

Video: Amendor , Mediafarm / CC BY-NC-SA 4.0

Biletkunst i nyklassisismen

Etter den overdådige stilen i barokken vende kunstnarane tilbake til ideala frå , både når det gjaldt stil og motivval. Temaa henta dei frå historia og frå gresk og romersk . Den nye interessa for fortida gjorde at stilen blei kalla .

Perioden er knytt til , der fornuft og logikk blei viktig. Kunstnarane følgde strenge reglar når dei skulle bygge opp eit bilete, for idealet var enkle og harmoniske komposisjonar. Dei var opptekne av linjene i motivet og brukte klare fargar i måleria. Samtidig studerte dei korleis lys påverkar fargar og former, og brukte dette til å skape djupne i bileta. Landskapsbileta skulle vise fram skjønnheita i naturen.

I Frankrike blei målarkunsten påverka av store politiske hendingar. Før og under den franske revolusjonen (1789–1799) kom ein ny trend. Motivet skulle vise heltemot og moralsk styrke. Gjennom biletkunsten kunne kunstnarane vise fram verdiar som òg blei verdsette i den romerske republikken.

Jacques-Louis David (1748–1825)

Jacques-Louis David var den uoffisielle målaren til den franske revolusjons-regjeringa. Dette kjem klart fram når han målar Marats død. Måleriet er inspirert av renessansekunstnarar, men òg av Caravaggios lyssetjing, fargebruk og komposisjon.

Etter revolusjonen snudde David politisk. No såg han på Napoleon som Frankrikes politiske frelsar. Dette er tydeleg i kunstverket som viser kroninga av Napoleon til keisar. Måleriet viser Napoleons makt ved at han kronar seg sjølv, i staden for å la paven gjere det.

Lyset framhevar Napoleon som hovudperson. Klesdraktene og søylene i rommet understrekar det høgtidelege i den historiske hendinga.

Motiva i desse to måleria viser ei politisk motsetning. Men kunstnaren bruker fargar, komposisjon og lyssetjing etter klassiske reglar i begge bileta.

Jean Auguste Dominique Ingres (1780–1867)

Jean Auguste Dominique Ingres er ein av dei viktigaste franske kunstnarane i første del av 1800-talet.

Ingres var ein svært dyktig teiknar og oppteken av linje- og fargebruk. I sjølvportrettet hans ser vi ein klassisk komposisjon med lys som framhevar trekka i ansiktet hans. Fargane i måleriet og teksturen i kleda understrekar dei klare nyansane i huda.

Kunstverket Kvilande odalisk viser kor dyktig han var teknisk. Også her framhevar han huda ved å måle stoffa detaljert og bruke mørke fargar rundt kvinna. Ein odalisk er ei slavinne i eit harem. Motiv frå eksotiske land er meir typisk for romantikken som kunsthistorisk periode, men linje- og fargebruken er klassisistisk.

Angelika Kauffmann (1741–1801)

Angelika Kauffman var frå Sveits og blei den første kjende kvinnelege historiemålaren i Europa. Som ung reiste ho på studieturar til Italia og kopierte verk av kjende kunstnarar. I 1766 var ho med på å grunnlegge Royal Academy of Arts i London.

Kauffmann spesialiserte seg på portrett og historiemåleri, og ho blei berømt i si eiga tid. Måleria hennar var ofte patriotiske, og modellane var gjerne kledde i antikke klesdrakter. Ho kunne la modellane sine opptre som ske figurar, til dømes som kjærleiksgudinna Venus.

Kva har du lært?

Fordypning

På nettsidene til Smarthistory finn du filmar som gir deg meir informasjon om:



Kjelder

Angelika Kauffmann. (2024, 26 november). I Store norske leksikon. angelika_kauffmann

Dahl, T. E., Bakka, E., Rygg Rønneberg, M. L. & Vatne, K. (1994). Relieff. Gyldendal Norsk Forlag.

Jean Auguste Dominique Ingres. (2024, 26. november). I Store norske leksikon. jean_auguste_dominique_ingres

Krausse, A. C. (2005). Måleriets historie. Frå renessansen til i dag. Spektrum forlag.

Mørk, C. (2025, 22. februar). Nyklassisisme i Store norske leksikon. nyfor klassisisme

Mørstad, E. (2024, 26. november). Klassisisme i Store norske leksikon. klassisisme

Relatert innhald

Biletkunst i barokken

Vi utforskar biletkunst frå slutten av 1500-talet til midten av 1700-talet og ser nærare på sentrale kunstnarar frå barokken i Sør-Europa.

Klassisisme

Klassisismen peikar på nytt tilbake mot greske og romerske stilideal. Frå omkring 1750 blei stilretninga inspirert av arkeologiske funn.

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 26.08.2025