Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kort med mønster

I denne oppgåva skal du bruke kvalitets- og kvantitetskontrast på to komposisjonar. Desse skal vere framsidene på to ulike kort av typen gratulasjonskort. På baksida av korta skal det vere eit mønster som passar til framsida.

Til læraren

Ittens fargekontrastar
Her blir elevane kjende med kvalitets- og kvantitetskontrast. Det går òg an å bruke oppgåva til å repetere alle fargekontrastane Itten formulerte. Her kan inngangen vere oppgåva "Oppsummer Ittens fargekontrastar".

Mønsterbygging
Adobe Illustrator blir brukt for å lage formelement som er teikna på papir, om til digitale versjonar. Til desse bruker vi mønsterfunksjonen for å lage mønster. Det ligg ein instruksjon som viser mønsterbygging steg for steg i oppgåveressursen.

Måle- og teiknereiskapar
Biletdømet er måla med akvarellmåling, men det er sjølvsagt mogleg å bruke andre medium.

Tema
Vi har lagt inn gratulasjonskort som eit forslag, men oppgåva kan ha andre tema. Det kan til dømes ha med naturen å gjere, ei høgtid eller noko meir personleg.

Stilisert motiv

  • Vel eit motiv som kan passe til eit gratulasjonskort. Du skal forenkle motivet og stilisere uttrykket. Repeter gjerne med artikkelen "Stilisering – kva er det?"

  • Lag skisser og vel ut to ulike komposisjonar som passar til eit gratulasjonskort.

Fargebruk

Teknikk

Vel fritt kva slags teknikkar du vil bruke. Du kan til dømes jobbe med akvarellmåling og vassfast tusjpenn.

Format

Kortet skal vere i A6-format (105 × 148 mm) når det er bretta. Vel om kortet skal brettast i toppen eller i sida.

Digitalisering av kunstverka

Det er lett å lage digitale versjonar av komposisjonen. Du tek berre eit bilete som har god kvalitet, så er det klart og kan brukast som framside på kortet. Vi har nokre tips i artikkelen "Ta gode fotografi av kunsten din".

Mønster på baksidene av korta

  • Lær deg fagorda vi bruker, i artikkelen "Mønster".

  • Korta skal ha eit mønster på baksidene. Dette mønsteret lagar du sjølv, og det skal passe saman med motiva på korta. Teikn og mal noko som du digitaliserer, og som du kan bruke som formelement i ditt eige mønster.

  • Du kan følge instruksjonen under for å lage mønster i Illustrator. Ha klart eit godt bilete av det du du vil bruke som mønsterelement.

Korleis du lagar mønster i Adobe Illustrator

1. Plasser biletfila i dokumentet

Når du har laga eit dokument i Illustrator er første steg å plassere biletfila i dokumentet.

Finn fram biletfila via menyen: File > Place > Vel biletet du skal bruke.

2. Vel storleik på biletet

Når du har valt det biletet du skal bruke, vil det visast som eit lite ikon ved sida av markøren. Klikk og hald samtidig som du dreg ut den storleiken biletet skal ha. Det er ein fordel at biletet er stort og med tydelege detaljar. Klikk på "Image Trace", som blir synleg når du har plassert biletet i dokumentet.

3. Juster innstillingar for grafikken

"Image Trace" gjer biletfila om til vektorgrafikk. Den vesle menyen lar deg justere innstillingar og gir deg ei førehandsvisning av resultatet i den innstillinga du har. Klikk "Expand" når du er nøgd med førehandsvisninga.

4. Fjern kvit bakgrunn

Det neste steget er å fjerne den kvite bakgrunnen som er rundt teikninga. Alt blir automatisk ei gruppe når du gjer om ei teikning til vektorgrafikk. Du kan velje å gå på Object > Ungroup eller bruke den kvite pila som står saman med eit plussteikn. Ho gir deg høve til å velje enkeltelement i grafikk sjølv om han er gruppert. Vel den kvite boksen som er bakgrunnen, og slett denne.

5. Mønsterfunksjonen

No skal du justere storleiken på formelementet til det er i den storleiken du skal ha det i mønsteret ditt. Du kan òg ta ein kopi av formelementet. Kopien kan du til dømes rotere eller spegelvende.

Marker alt som skal vere ein del av rapporten, og vel på menyen i toppen: Object > Pattern > Make.

6. Juster mønsteret

Når mønsterfunksjonen blir opna, vil det først dukke opp ein meldingsboks som fortel at mønsteret du lagar, legg seg i "Swatches". Vel "ok" for denne.

Det kjem òg opp ein boks med innstillingar der du kan justere oppsettet på mønsteret ditt. Prøv ut ulike innstillingar. Førehandsvisninga vil oppdaterast når du gjer ei endring. Når du er nøgd med korleis mønsteret ser ut, vel du "Done" i feltet over dokumentet.

7. Fyll ei form med mønsteret

Lag ei form, til dømes eit rektangel og vel det nye mønsteret som fyll. Du bruker altså mønsteret som fyll i staden for å fylle med ein farge.

8. Bakgrunnsfarge

Vil du ha ein bakgrunnsfarge, kan du legge ei form med fargefyll bak mønsteret. Gå på "Object > Arrange > Send to back" for å legge forma med farge bakarst. Kvart nye mønster du lagar, vil legge seg i "Swatches" for det dokumentet du lagar dei i.


Set opp og skriv ut korta

Lag eit dokument i A4-format. Du kan bruke InDesign eller tilsvarande.

Om du vil lage fleire eksemplar av same kort, er det viktig å skrive ut ein test av kvart kort. Då kan du kontrollere om fargar og plasseringar er rette. Det er ofte ei anna oppleving å sjå noko skrive ut enn å sjå noko på skjermen.

Kort med ståande format

  • Opprett eit dokument som er liggande A4.

  • Lag to biletboksar som kvar har måla 105 x 148 mm. Set boksane heilt inntil kvarandre, side om side. Pass på at dei er på linje. Set biletet av komposisjonen din inn i den biletboksen som står på høgre side, og set biletfila med mønsteret i den venstre biletboksen.

  • Skriv ut dokumentet. Skjer ut kortet ved å bruke kniv, stållinjal og skjerematte. Brett kortet.

Kort med liggande format

  • Opprett eit dokument som er ståande A4.

  • Lag to biletboksar som kvar har måla 148 x 105 mm. Set boksane slik at den eine er over og heilt inntil den andre. Pass på at dei er på linje. Set biletet av komposisjonen din inn i den biletboksen som står nedst, og set biletfila med mønsteret i den øvste biletboksen.

  • Skriv ut dokumentet. Skjer ut kortet ved å bruke kniv, stållinjal og skjerematte. Brett kortet.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 18.02.2026