Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Digitale komposisjonar som inspirasjon

Digitale verktøy gjer det enkelt å prøve ut ulike komposisjonar og fargekombinasjonar. Du kan skrive ut dei digitale komposisjonane og la dei vere kunstverk i seg sjølve, eller du kan utvikle dei vidare og bruke analoge teknikkar.

Oppgåve 1: Digitale utprøvingar med fargeflater

Sjå på dei ulike komposisjonane i over. Her er flatene enkle, og nokre av dei er ferdigdefinerte geometriske former frå teikneprogrammet.

Ein sirkel over ein rektangulær bakgrunn er allereie ein komposisjon. Du kan justere talet på former, plassering og storleikar og skape nye variantar. Bruk det du kan om komposisjon og perspektiv. I tillegg skal du bruke kunnskap frå artikkelen "Ittens sju fargekontrastar".

Lag ei samling med dine eigne digitale komposisjonar på eit A4-dokument. Skriv ut dokumentet og heng det opp.

Oppgåve 2: Jobb analogt med ein av komposisjonane

Vel ut ein av dei digitale komposisjonane dine, og bruk han som inspirasjon for eit bilete i A5-storleik. Du kan måle, teikne, lime på papirbitar eller kombinere desse teknikkane. Det er lov å legge til og trekke frå element, men det må vere mogleg å kjenne igjen den originale komposisjonen.

Monter biletet ditt på svart kartong og heng det opp.

Utstyr til oppgåve 2

  • teiknepapir i A5-format

  • teikne- og målesaker

  • eventuelt farga papir

  • tapetkniv og stållinjal eller saks

  • svart kartong

  • lim

Relatert innhald

Eksperimenter med komposisjonsprinsipp

Lag eigne, personlege versjonar av komposisjonane i oversikta. Bruk gjerne meir enn eit prinsipp i same rute, men la hovudprinsippet komme tydeleg fram.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 25.03.2026