I denne oppgåva skal du bruke kvalitets- og kvantitetskontrast på to komposisjonar. Desse skal vere framsidene på to ulike kort av typen gratulasjonskort. På baksida av korta skal det vere eit mønster som passar til framsida.
To kort med akvarellar på framsidene. Kortet som har bretten i toppen, passar til motiv med liggande format. For ståande format passar det best med bretten på venstre side.
Til læraren
Ittens fargekontrastar Her blir elevane kjende med kvalitets- og kvantitetskontrast. Det går òg an å bruke oppgåva til å repetere alle fargekontrastane Itten formulerte. Her kan inngangen vere oppgåva "Oppsummer Ittens fargekontrastar".
Mønsterbygging Adobe Illustrator blir brukt for å lage formelement som er teikna på papir, om til digitale versjonar. Til desse bruker vi mønsterfunksjonen for å lage mønster. Det ligg ein instruksjon som viser mønsterbygging steg for steg i oppgåveressursen.
Måle- og teiknereiskapar Biletdømet er måla med akvarellmåling, men det er sjølvsagt mogleg å bruke andre medium.
Tema Vi har lagt inn gratulasjonskort som eit forslag, men oppgåva kan ha andre tema. Det kan til dømes ha med naturen å gjere, ei høgtid eller noko meir personleg.
Vel eit motiv som kan passe til eit gratulasjonskort. Du skal forenkle motivet og stilisere uttrykket. Repeter gjerne med artikkelen "Stilisering – kva er det?"
Lag skisser og vel ut to ulike komposisjonar som passar til eit gratulasjonskort.
Bruk skissene som utgangspunkt og lag fargeversjonar av dei. Hugs at du skal bruke kvalitetskontrast på den eine komposisjonen og kvantitetskontrast på den andre.
Det er lett å lage digitale versjonar av komposisjonen. Du tek berre eit bilete som har god kvalitet, så er det klart og kan brukast som framside på kortet. Vi har nokre tips i artikkelen "Ta gode fotografi av kunsten din".
Korta skal ha eit mønster på baksidene. Dette mønsteret lagar du sjølv, og det skal passe saman med motiva på korta. Teikn og mal noko som du digitaliserer, og som du kan bruke som formelement i ditt eige mønster.
Du kan følge instruksjonen under for å lage mønster i Illustrator. Ha klart eit godt bilete av det du du vil bruke som mønsterelement.
Korleis du lagar mønster i Adobe Illustrator
1. Plasser biletfila i dokumentet
Når du har laga eit dokument i Illustrator er første steg å plassere biletfila i dokumentet.
Finn fram biletfila via menyen: File > Place > Vel biletet du skal bruke.
Du plasserer eit bilete i dokumentet ved å bruke "Place..." frå menyen.
2. Vel storleik på biletet
Når du har valt det biletet du skal bruke, vil det visast som eit lite ikon ved sida av markøren. Klikk og hald samtidig som du dreg ut den storleiken biletet skal ha. Det er ein fordel at biletet er stort og med tydelege detaljar. Klikk på "Image Trace", som blir synleg når du har plassert biletet i dokumentet.
Klikk, hald og dra til du har ønskt storleik på grafikken du plasserer.
3. Juster innstillingar for grafikken
"Image Trace" gjer biletfila om til vektorgrafikk. Den vesle menyen lar deg justere innstillingar og gir deg ei førehandsvisning av resultatet i den innstillinga du har. Klikk "Expand" når du er nøgd med førehandsvisninga.
Når du har plassert eit bilete i dokumentet, viser programmet relevante verktøy i toppen av programmet.
4. Fjern kvit bakgrunn
Det neste steget er å fjerne den kvite bakgrunnen som er rundt teikninga. Alt blir automatisk ei gruppe når du gjer om ei teikning til vektorgrafikk. Du kan velje å gå på Object > Ungroup eller bruke den kvite pila som står saman med eit plussteikn. Ho gir deg høve til å velje enkeltelement i grafikk sjølv om han er gruppert. Vel den kvite boksen som er bakgrunnen, og slett denne.
Den kvite pila som har eit plussteikn ved sida av seg, blir brukt til å velje enkeltdelar i grafikk som er gruppert.
5. Mønsterfunksjonen
No skal du justere storleiken på formelementet til det er i den storleiken du skal ha det i mønsteret ditt. Du kan òg ta ein kopi av formelementet. Kopien kan du til dømes rotere eller spegelvende.
Marker alt som skal vere ein del av rapporten, og vel på menyen i toppen: Object > Pattern > Make.
Du kan lage mønster av alle typar grafikk ved å bruke "Pattern"-funksjonen i Illustrator.
6. Juster mønsteret
Når mønsterfunksjonen blir opna, vil det først dukke opp ein meldingsboks som fortel at mønsteret du lagar, legg seg i "Swatches". Vel "ok" for denne.
Det kjem òg opp ein boks med innstillingar der du kan justere oppsettet på mønsteret ditt. Prøv ut ulike innstillingar. Førehandsvisninga vil oppdaterast når du gjer ei endring. Når du er nøgd med korleis mønsteret ser ut, vel du "Done" i feltet over dokumentet.
Mønsteret blir vist som ei førehandsvisning. Når du stadfestar innstillingane for mønsteret, hamnar det i "Swatches".
7. Fyll ei form med mønsteret
Lag ei form, til dømes eit rektangel og vel det nye mønsteret som fyll. Du bruker altså mønsteret som fyll i staden for å fylle med ein farge.
Fyll ei form med mønsteret på same måte som du elles ville fylt forma med ein farge.
8. Bakgrunnsfarge
Vil du ha ein bakgrunnsfarge, kan du legge ei form med fargefyll bak mønsteret. Gå på "Object > Arrange > Send to back" for å legge forma med farge bakarst. Kvart nye mønster du lagar, vil legge seg i "Swatches" for det dokumentet du lagar dei i.
Legg ei form med ein farge bak mønsteret.
Fjøra i mønsteret er måla med akvarell og deretter fotografert. Etterpå er ho vektorisert og brukt som formelement i Illustrator.
Lag eit dokument i A4-format. Du kan bruke InDesign eller tilsvarande.
Om du vil lage fleire eksemplar av same kort, er det viktig å skrive ut ein test av kvart kort. Då kan du kontrollere om fargar og plasseringar er rette. Det er ofte ei anna oppleving å sjå noko skrive ut enn å sjå noko på skjermen.
Kort med ståande format
Opprett eit dokument som er liggande A4.
Lag to biletboksar som kvar har måla 105 x 148 mm. Set boksane heilt inntil kvarandre, side om side. Pass på at dei er på linje. Set biletet av komposisjonen din inn i den biletboksen som står på høgre side, og set biletfila med mønsteret i den venstre biletboksen.
Skriv ut dokumentet. Skjer ut kortet ved å bruke kniv, stållinjal og skjerematte. Brett kortet.
Kort med liggande format
Opprett eit dokument som er ståande A4.
Lag to biletboksar som kvar har måla 148 x 105 mm. Set boksane slik at den eine er over og heilt inntil den andre. Pass på at dei er på linje. Set biletet av komposisjonen din inn i den biletboksen som står nedst, og set biletfila med mønsteret i den øvste biletboksen.
Skriv ut dokumentet. Skjer ut kortet ved å bruke kniv, stållinjal og skjerematte. Brett kortet.
Bruk skjerematte, stållinjal og kniv for å skjere ut kortet.