Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Inspirasjonsark

I den kreative prosessen kan du setje opp eit inspirasjonsark, eller eit moodboard, som det òg blir kalla. Inspirasjonsarket hjelper deg å sortere vekk og velje ut kva du vil ha med i kunstprosjektet ditt. Det er nyttig for å vise stemninga og stilen du tenker at det ferdige kunstverket skal ha.

Når skal du lage eit inspirasjonsark?

Når du får ei ny oppgåve, må du passe på at du forstår kva denne oppgåva går ut på. Etterpå undersøker du temaet frå så mange ulike vinklingar som tida tillet.

Mens du set deg inn i temaet, får du gjerne ein idé om korleis du vil jobbe vidare med det. Du har kanskje samla visuell inspirasjon og bestemt deg for kva teknikkar og fargar du vil bruke. Når idéen din er nokolunde klar for deg, er det eit godt tidspunkt for å setje opp eit inspirasjonsark.

Kva skal vere med i eit inspirasjonsark?

I førebuinga av prosjektet har du kanskje samla inn skisser, fargeprøvar, foto og kunst frå andre kunstnarar. No skal du velje ut det du vil ta med vidare. Det kan vere lurt å begynne med å setje inn det du er heilt sikker på at du vil ha med i prosjektet. Kanskje du vil la deg inspirere av stilen til ein bestemd kunstnar? Då bør du undersøke kva teknikkar som er naturlege å bruke. Ta med fleire døme på teknikkbruk i inspirasjonsarket ditt.

Har du funne ein fargepalett du synest er akkurat rett? Ta denne med, eller eksperimenter deg fram til ein fargepalett. Vel nokre få fargar som skal dominere, og som står godt saman. Viss typografi, altså skrift, skal vere ein del av det ferdige uttrykket, tek du med tekstdøme.

Å lage eit inspirasjonsark er ein del av den kreative prosessen. Følg intuisjonen din og sett det saman til ein heilskap som formidlar den stemninga og kjensla du vil uttrykke gjennom kunstverket ditt.

Kva funksjon har eit inspirasjonsark?

Når inspirasjonsarket ditt er slik du vil ha det, har du komme nærare det du ser for deg som eit ferdig kunstverk. Vala du har teke, styrer retninga di og ryddar vekk tvil og distraksjonar.

Inspirasjonsarket ditt kommuniserer kva det planlagde kunstverket skal uttrykke, ikkje korleis det ferdige kunstverket skal sjå ut. Du kan vise det til andre, og dei kan gi deg hjelp til å finne retning og uttrykk for det du ønsker å jobbe fram.

Korleis organiserer eg eit inspirasjonsark?

Det er ingen fasit på korleis eit inspirasjonsark skal sjå ut. Nokre vil ha eit systematisk og ryddig inspirasjonsark, men det fungerer òg godt med eit inspirasjonsark som har friare form.

Digitale verktøy og analoge inspirasjonsark

Det finst mange digitale verktøy for å lage inspirasjonsark. Du har sikkert tilgang til nokre av desse på skulen. Du kan òg finne nettbaserte løysingar. Søk på nettet for å finne ut kva andre anbefaler. Då kan du søke etter "tools + moodboard".

Før den digitale tidsalderen, brukte folk ark med fysiske utklipp av bilete, skisser, teksturar, teknikkar, fargeprøvar og materiale. Dette er ein måte som òg fungerer i dag!

Øving

Ta utgangspunkt i ein film eller serie du kjenner til. Lag eit inspirasjonsark du synest passar for å beskrive verda frå denne filmen eller serien. Det kan vere aktuelt å ha med former, fargar, teksturar, klede, kulissar og det som elles høyrer til.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 22.10.2024