Fagspråk i kunst
Lær deg fagspråket
Fagord skaper eit felles språk mellom deg og andre som er interesserte i kunst. Å lære fagspråket som høyrer til kunst og visuelle verkemiddel, vil hjelpe deg til å forstå innhaldet i faget og til å formidle kunnskapen din. Fagorda er verktøy som hjelper oss å tenke om kunst og kunstnariske prosessar. Etter kvart blir desse orda ein del av det naturlege språket ditt og gjer deg i stand å kjenne igjen visuelle verkemiddel.
Ein påstand som “i dette måleriet er det tydeleg bruk av kontrastar” kan verke framand og vanskeleg før du veit kva “kontrastar” betyr. Når du har lært det, er det ikkje lenger så mystisk. Då kan du kjenne igjen og forklare korleis kunstnaren har brukt kontrastar i måleriet. Det naturlege framhaldet er å seie litt meir om kva slags effekt det gir.
Tenk over

"Kul teikning!" kan vere ein begeistra respons, men korleis kan du gi ei meir fagleg beskriving av denne teikninga?
Fagspråk hjelper deg til å bli meir profesjonell i kommunikasjonen. I første omgang skal du lære å presentere prosjekt for lærarar og medelevar. Seinare kan du trenge fagspråk i jobbsamanheng. Kanskje kan det bli aktuelt å søke om stipend og offentlege oppdrag, og då bør du kunne grunngi på ein overtydande måte.

La fagspråket bli ein naturleg del av beskrivinga di
Ofte er det krav om skriftlege forklaringar og refleksjonar i kunstoppgåver. Av og til skal du i tillegg presentere resultatet og fortelje munnleg om oppgåva di. I begge tilfella skal du bruke fagspråk. Ditt eige språk saman med aktuelle fagord innanfor kunst er godt nok.
Poenget er ikkje at du skal bruke mange, avanserte ord. Du skal bruke dei fagorda som har noko med akkurat dette prosjektet å gjere. Nokre omgrep som til dømes “komposisjon” og “fargebruk” er nesten alltid aktuelle. Forklar heilt konkret kva du kan seie om komposisjonen og fargebruken.
Forslag til skriveramme
Ein fagleg tekst inneheld fagord. Last gjerne ned skriveramma under for å få ei hjelp til å beskrive oppgåva di på ein profesjonell måte.
Oppgåve
Les meldinga av Mette Tronvolls fotoutstilling Tid på nrk.no.
Kunstkritikaren beskriv både bilete ho synest er kjedelege, og bilete som interesserer henne. Korleis grunngir ho dette? Gi døme på korleis ho bruker fagspråk i beskrivingane sine.