Europeisk biletkunst i realismen

Realistisk måleri
Ein realistisk målemåte har som mål å gi att verkelegheita nøyaktig. Dette krev grundig observasjon og handlar om korleis kunstnaren jobbar teknisk for gi att lys, fargar, detaljar og teksturar på ein truverdig måte. Vi bruker òg omgrepet naturalistisk om å gi att verkelegheita nøyaktig utan å pynte på henne.
Realistiske tendensar innan målarkunst og skulptur finn vi i fleire kunsthistoriske periodar heilt tilbake til antikken.
Realismen som periode
På midten av 1800-talet oppstod ei ny kunstnarisk retning som blir kalla realismen. Retninga kom som ein reaksjon på romantiseringa av natur og menneske. No ville kunstnarane gi att verkelegheita slik ho var, og brukte kunst til å formidle samfunnskritikk.
Film om realismen
Filmen under (lengde 1:02) presenterer perioden som avløyste romantikken. Her legg dei vekt på litteratur, men dei same tankane dominerte òg i biletkunsten.
Biletkunst frå realismen
Kunstnarane ville vise fram sanning, og også dei mørkare sidene av livet. Slik kunne dei setje søkelys på kritikkverdige samfunnsforhold. Målet var at folk skulle bli klar over urettferd, og at det kunne bidra til å skape endring.
Betraktaren skulle få kjensla av å vere til stades i ein "verkeleg augeblink". Motivet kunne derfor vere midt i ei rørsle eller visast frå ein uvand vinkel. Fleire kunstnarar måla med korte, kraftige og raske penselstrøk for å attskape opplevinga av scena.
Gustave Courbet (1819–1877)
"Du må vere ein del av di tid" var mottoet til Gustave Courbet. Han brukte nøytrale observasjonar til å få fram sosiale forskjellar i bileta sine. Dette kunne han gjere i dei store formata som tidlegare var reserverte for historiemåleriet. Fleire i det borgarlege og konservative publikummet syntest dette var upassande, og Courbet fekk ikkje lov til å stille ut måleria sine på offentlege kunstutstillingar. Då laga han si eiga utstilling som han kalla Realisme.

Måleriet Steinbrytarar (1849) får godt fram kva realismen handlar om. Motivet er kvardagsleg og viser menn i hardt fysisk arbeid. Den mørke bakgrunnen gjer at personane kjem tydeleg fram. Ansikta er skjulte, så arbeidarane blir ikkje framstilte som individ. Dei representerer dei fattigaste blant arbeidarane den gongen.
Jordfargane blir ein kontrast til dei kvite skjortene. Framstillinga er ikkje sentimental – ho viser berre realiteten.
Reflekter og diskuter
Gustav Courbet skal ha sagt at grunnen til at han ikkje måla englar, var at han aldri hadde sett nokon. Kva fortel dette om haldninga han hadde til målarkunst?
Jean-François Millet (1814–1875)
Millet måla ofte ute i naturen, direkte frå verkelegheita. Han var blant dei første som måla menneske som jobba fysisk, og han viste sterk medkjensle med arbeidarane.
I Kvinner som plukkar aks (1857) ser vi tre kvinner som jobbar hardt. Ansikta er utydelege, og kvinnene verkar meir som ein del av landskapet enn som enkeltpersonar. Bruken av jordfargar forsterkar dette.

Rosa Bonheur (1822–1899)
Rosa Bonheur var ein fransk målar, bilethoggar og grafikar. Hennar detaljerte og truverdige framstillingar av dyr og landskap er gode døme på realistisk kunst. Bonheur blir rekna som ei av dei mest banebrytande kvinnelege kunstnarane på 1800-talet. Ho var den første kvinna som fekk Æreslegionen i Frankrike. Dette er den høgaste franske fortenesteordenen.
Rosa vaks opp ein familie der døtrene fekk utdanning på lik linje med sønene. Faren meinte at klasse- og kjønnsforskjellar burde vere løyste opp. Denne politiske overtydinga var med på å forme henne som person, og gjennom kunsten kunne ho leve sjølvstendig og vere økonomisk uavhengig.

Som kvinne fekk Rosa Bonheur ikkje delta i studiar av menneskekroppens anatomi, og ho bestemde seg derfor for å bli dyremålar. Ho studerte levande dyr ute i naturen og på marknader. På slaktehus fekk ho studere muskulatur, sener og skjelett.
I Hestemarknaden (1853) framstiller ho ein marknad på ein utradisjonell måte. Menneska er underordna hestane, og villskap pregar motivet. Biletet blei eit av dei mest populære måleria på 1800-talet og var med på å gjere henne verdskjend.
