Digitale komposisjonar som inspirasjon

Oppgåve 1: Digitale utprøvingar med fargeflater
Sjå på dei ulike komposisjonane i kollasjen over. Her er flatene enkle, og nokre av dei er ferdigdefinerte geometriske former frå teikneprogrammet.
Ein sirkel over ein rektangulær bakgrunn er allereie ein komposisjon. Du kan justere talet på former, plassering og storleikar og skape nye variantar. Bruk det du kan om komposisjon og perspektiv. I tillegg skal du bruke kunnskap frå artikkelen "Ittens sju fargekontrastar".
Lag ei samling med dine eigne digitale komposisjonar på eit A4-dokument. Skriv ut dokumentet og heng det opp.
Oppgåve 2: Jobb analogt med ein av komposisjonane
Vel ut ein av dei digitale komposisjonane dine, og bruk han som inspirasjon for eit analogt bilete i A5-storleik. Du kan måle, teikne, lime på papirbitar eller kombinere desse teknikkane. Det er lov å legge til og trekke frå element, men det må vere mogleg å kjenne igjen den originale komposisjonen.
Monter biletet ditt på svart kartong og heng det opp.
Utstyr til oppgåve 2
teiknepapir i A5-format
teikne- og målesaker
eventuelt farga papir
tapetkniv og stållinjal eller saks
svart kartong
lim
Relatert innhald
Lag eigne, personlege versjonar av komposisjonane i oversikta. Bruk gjerne meir enn eit prinsipp i same rute, men la hovudprinsippet komme tydeleg fram.