Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Biletbøker

Ei biletbok kan vere som ei oppdagingsreise. Korleis kan du bruke samspelet mellom ord og bilete til å skape fleire lag i leseopplevinga? I desse filmane fortel Stian Hole korleis han jobbar med illustrasjonar og skriftleg tekst i bøkene sine.
Skriftleg tekst på biletoppslaget

"Vet du at NASA har sendt opp et kjempeteleskop i verdensrommet. Det heter Kepler. Det har Frimerkemannen fortalt. Det skal lete etter jordas søster," sier Garmann. "Tror du det finnes en planet der ute som er helt lik vår?" spør Johanne. "Håper ikke det," sier Garmann og hopper ned fra greina.

Henta frå Garmanns hemmelighet av Stian Hole (2010).

Tips til læraren

Analyse av biletbøker kan eigne seg som eit tverrfagleg samarbeidsprosjekt med norskfaget. I den norskfaglege ressursen: "Biletbøker – oppleving og analyse" går vi meir i djupna på analysedelen.

Multimodal tekst

Biletbøker er som er sette saman av illustrasjonar og skriftleg tekst. Dei kommuniserer både og verbalt, og forteljinga blir til gjennom samspelet mellom bilete og ord. Vi kan sjå på biletbøker som ei eiga litterær kunstform.

Det heilskaplege inntrykket som illustrasjonane og den skriftlege teksten skaper saman, kallar vi ikonotekst.

Film: Stian Hole om arbeidet med biletbøker

I filmen under (lengde: 4:42) møter vi illustratør og forfattar Stian Hole.

Video: Stian Hole, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Tenk over

  • I filmen seier Stian Hole at vi kan tenke på biletboka som eit puslespel. Kva meiner han med det, og korleis kan du bruke den tankegangen om du sjølv skal formidle ei historie gjennom bilete og ord?

  • Korleis kan du gi informasjon om personane i ei forteljing gjennom rekvisittar? Kva for tre ting kunne passa til ei forteljing om deg?

Film: Korleis analysere ei biletbok?

I filmen under (lengde 5:25) gir Stian Hole oss nokre råd om kva vi kan sjå etter når vi skal analysere ei biletbok. Dette kan du òg bruke om du vil formidle ei historie gjennom bilete og tekst.

Stian Hole gir råd om kva du kan legge merke til når du skal analysere ei biletbok. Video: Stian Hole, Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Tenk over

Kva kan du ta med deg frå Stian Holes beskriving av biletbøker når du sjølv skal formidle ei historie?

Allalderlitteratur

Ei biletbok kan ha fleire lag i teksten. Som ungdom forstår du symbol og kan kjenne igjen referansar som eit barn ikkje får med seg. Vi seier at ein tekst kan ha ei "dobbel forteljarstemme". Til dømes kan både barn og vaksne le godt av ei humoristisk biletbok, men dei ler gjerne av ulike ting. Slik kan biletbøker formidle historier som lesarar i alle aldrar kan kjenne seg att i.

Eigne erfaringar påverkar korleis vi opplever litteratur, og ulike aldersgrupper kan identifisere seg med handlinga og karakterane ut frå kvar sin ståstad. Tekstar som vender seg til både barn og vaksne, kallar vi allalderlitteratur eller allalderbøker.

Oppgåve

Lag eit oppslag (to sider ved sida av kvarandre) som fortel ei historie om deg og ein annan karakter som betyr noko for deg.

Ord kan utdjupe og gjere det tydelegare kva eit bilete skal formidle, eller dei kan utvide betydninga ved å fortelje litt meir eller noko anna enn biletet.

Skriv ein kort tekst og planlegg korleis du vil setje ord og bilete saman. Skal elementa forsterke eller utfylle kvarandre, eller vil du skape ei motsetning?

Relatert innhald

Biletbøker – oppleving og analyse

Korleis kan dialog mellom ord og bilete skape lesaropplevingar? Lær om arbeidet med å skape ei biletbok og få tips til å analysere denne typen tekst.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 27.03.2026