Vurder visuelle verkemiddel i Sinna mann
Animasjonsfilmen Sinna mann
Sinna mann handlar om den vesle guten Boj som bur i ein heim der far slår mor. Filmen (lengde 19:50) blei laga av den norske animatøren og regissøren Anita Killi i 2009. Han er basert på ei biletbok av Gro Dahle og Svein Nyhus.
Oppgåver
Sjå filmen Sinna mann og svar på spørsmåla under. De kan gjerne samarbeide to og to.
Korleis blir hovudpersonane Boj, mamma og pappa framstilte?
Beskriv ansiktsuttrykk og kroppsspråk.
Bilete: Trollfilm AS, Norgesfilm AS / Avgrensa gjenbrukKva endringar skjer med hovudpersonane i filmen?
Kva er det som utløyser desse endringane?

Kva verkemiddel bruker teiknaren Svein Nyhus for å få fram Bojs oppleving av Sinna mann?
Korleis blir fargar og lys brukt til å skape ei positiv eller negativ stemning?
Korleis kan storleiken på figurane seie noko om korleis dei kjenner seg, eller om maktforholdet mellom dei?
Korleis forsterkar barneteikningane på veggen i scenen frå 3:30 til 4:27 handlinga?
Bilete: Anita Killi / Avgrensa gjenbrukKva for roller speler fiskane, hunden og fuglane i filmen?
Korleis kan ein animasjonsfilm som Sinna mann vere med på å påverke synet på vald i nære relasjonar?