Omgrepshefte – eit lite hefte med viktig innhald

Utstyr
fem A4-ark med teiknepapir (eller anna papir du ønsker å bruke)
eit stykke kartong som er litt større enn A4 (kan vere gjenbruk av emballasje)
eit A4 ark til å lage ein mal av (eit kopipapir er godt nok)
ei nål eller ein syl
stiftar av den typen som blir brukte i ei vanleg stiftemaskin
blyant
Dei fem arka skal bli til innhaldet i heftet, og kartongen skal bli omslaget. Nåla skal brukast til å stikke hola som stiftane skal inn i.
Bretting av ark og kartong
Brett alle arka over på midten. Dei korte sidene på arket blir lagde nøyaktig kant i kant før du stryk bretten på midten. Brett kartongen på same måte. Dette blir omslaget på heftet. Arka skal ha plass i omslaget. Derfor er det best om omslaget er litt breiare og høgare enn arka.

Mal til plassering av stiftar
Bruk eit ark i same storleik som arka inni heftet. Brett dette arket på same måte. På langsida skal du markere breidda på stiftane med ein blyant. Det blir fire strekar til saman. Omtrent fem centimeter frå begge kortsider er passe avstand for å plassere stiftane. Malen er nyttig når du i neste steg skal lage hol i arka og i kartongen. Då kan du sikre deg at alle arka har hol på same stad.

Bruk av malen
No skal du bruke malen og blyanten til å markere kvar hola skal plasserast. Dette gjer du på kvart ark. Legg malen parallelt med bretten. Sett eit lite merke der hola skal vere.

Stikk hol i arka
No skal du lage hol til stiftane i arka. Lag dei der du brukte malen til å lage eit lite merke. Det er lurt å lage ganske store hol, då blir det lettare å tre arka ned på stiftane. Roterer du nåla i holet blir det større. Alle ark skal ha to par hol, som skal passe til breidda på stiftane.

Lag hol i omslaget
No skal du lage hol til stiftane i kartongen som skal bli omslaget. Bruk malen slik du gjorde med arka. Sidan kartongen er større enn arka, bestemmer du på augemål der arka bør plasserast. Arka skal vere midtstilte inni omslaget. Då blir det jamn avstand mellom arka og kanten på omslaget.

Tre arka ned på stiftane
Når du har klar to stiftar, skal du folde ut omslaget og alle arka. Start med omslaget for seg sjølv. Tre stiftane inn i hola frå det som skal vere utsida av omslaget. Legg dette ned på arbeidsflata med stiftane ståande opp. Tre no eit og eit ark over stiftane slik at alle arka ligg med bretten nedover, og stiftane står opp.

Bøy stiftane
Her må du vere forsiktig så du ikkje stikk deg! Kvar ende på stiftane skal no bøyast mot den andre. Du kan bruke ein blyant, ei tong eller ein stållinjal til dette. Kvar stift skal vere bøygd innover, som når du har brukt ei stiftemaskin på vanleg måte.

Tittel på omslaget
Skriv ein tittel på omslaget til heftet. Det kan til dømes stå "Fagomgrep: Kunst og visuelle verkemiddel", eller det som passar til prosjektet ditt.

Oppgåve
Skriv ei kort forklaring av omgrep frå kunst og visuelle verkemiddel. Visualiser omgrepet med ei lita teikning. Planlegg kor stor plass kvart omgrep og teikning skal ha. Bruk heftet som ein ressurs du kan slå opp i for å minne deg på viktige prinsipp for fargelære og komposisjon. Når du skriv fagleg om prosjekta dine, er mange av omgrepa under naturlege å ha med. Nokre døme er lista opp under biletet.

Forslag til omgrep som kan visualiserast
Ittens fargelære
komplementærkontrast
mørk-lyskontrast
kald-varmkontrast
treklang
Teikning
linje
flate
form
valør
skravering
krysskravering
Komposisjonsprinsipp
symmetrisk balanse
asymmetrisk balanse
formkontrast
storleikskontrast
mengdekontrast
blikkfang
repetisjon
rytme
gruppering
tredelingsregelen