Teikneserie om antikkens Roma

Lag ein teikneserie
Det romerske samfunnet var sterkt hierarkisk, med slavar på botnen, så frigitte slavar, over dei kom frie borgarar og til slutt keisaren på toppen. Lag ein teikneserie som viser dette romerske hierarkiet. La deg gjerne inspirere av teikneseriane om Asterix og Obelix.
Utstyr og teknikk
foreslåtte reiskapar: gråblyant, kol, fargekrit eller akvarell
papirstorleik: A3 i liggande format
teknikk: valfri
Framgangsmåte

Start med ei idémyldring. Vil du fortelje ei kort historie eller skildre ein situasjon?
Lag raske skisser der du prøver ut idéen din.
Bruk heile arket, og del det opp i fire til åtte delar. Du vel sjølv om rutene skal ha ulik storleik eller vere like store.
Kvar rute skal vere nøye komponert med bakgrunn, mellomgrunn og forgrunn. Legg vekt på proporsjonar, valørar og fargeval.
Relatert innhald
Nettside hos nynorsksenteret.no
Nettside hos nynorsksenteret.no