Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Teikneserie om antikkens Roma

Det romerske samfunnet var delt inn i sosiale lag, med slavar på botnen og keisaren på toppen. Korleis kan du illustrere dette hierarkiet og la teikningane dine fortelje ei historie? Vel om du vil bruke humor, og om du vil ha eit kritisk blikk på inndelinga av samfunnet.

Ordforklaringar

Hierarki

vil seie at samfunnet har delt menneskegrupper inn etter rang.

Teikneserie

er historieforteljing gjennom teikning. Illustrasjonane blir presenterte i ein samanheng, gjerne i ruter, der betraktaren kan følge historia.

Lag ein teikneserie

Det romerske samfunnet var sterkt hierarkisk, med slavar på botnen, så frigitte slavar, over dei kom frie borgarar og til slutt keisaren på toppen. Lag ein teikneserie som viser dette romerske hierarkiet. La deg gjerne inspirere av teikneseriane om Asterix og Obelix.

Utstyr og teknikk

foreslåtte reiskapar: gråblyant, kol, fargekrit eller akvarell

papirstorleik: A3 i liggande format

teknikk: valfri

Framgangsmåte

  1. Start med ei idémyldring. Vil du fortelje ei kort historie eller skildre ein situasjon?

  2. Lag raske skisser der du prøver ut idéen din.

  3. Bruk heile arket, og del det opp i fire til åtte delar. Du vel sjølv om rutene skal ha ulik storleik eller vere like store.

  4. Kvar rute skal vere nøye komponert med bakgrunn, mellomgrunn og forgrunn. Legg vekt på proporsjonar, valørar og fargeval.

Relatert innhald

Skrive av Lizann Mikkelsen Tapper.
Sist oppdatert 09.08.2024