SCAMPER – metodar for å lokke fram idéar

Akronymet SCAMPER refererer til ein kreativ tankeprosess som kan brukast for å lokke fram nye idéar og løysingar. Kvar bokstav i akronymet står for ei bestemd tilnærming eller eit spørsmål som kan stimulere kreativiteten. Bruk dei til å finne fleire alternative løysingar.
S – substitute (erstatt)
Tenk på kva som kan erstattast med noko anna.
Kva skjer om du byter ut ein del av det du har tenkt, til noko som er heilt motsett? Viss du har tenkt kvadrat, korleis vil sirklar sjå ut? Kan du byte ut hovudfargen med komplementærfargen? Kanskje det er nok å justere fargen slik at han blir mørkare eller lysare?
Kan andre materiale brukast i kunstverket? Kan du teste ut korleis det ser ut med tusj i staden for blyant? Kva med fargeblyantar?
Viss du har tenkt at motivet ditt er eit landskap, korleis vil det bli om det heller er ein storby?
C – combine (kombiner)
Vurder å kombinere ulike element eller idéar for å skape noko nytt og unikt.
Er det mogleg å slå saman nokre av elementa slik at dei blir noko nytt? Korleis vil ein kombinasjon av ein elefant og ein sommarfugl sjå ut? Eller ei kråke og ein gammal mann? Ein fisk og eit helikopter?
A – adapt (tilpass)
Tenk på korleis du kan tilpasse eller justere eksisterande element for å passe til ein ny kontekst eller eit nytt formål.
Kan du legge til sommarfuglvenger til hovudpersonen i eit portrett? Kan ei fiskestong ha eit hjarte som agn? Kan ein stjernehimmel bestå av sjøstjerner?
M – modify (modifiser)
Reflekter over korleis du kan endre delar eller element for å forbetre dei.
Kan rette linjer vere meir ujamne og organiske? Kan du ha fleire eller færre eksemplar av noko? Kan du prøve ut ein annan komposisjon? Kan det fungere i svart-kvitt i tillegg til ein kraftig farge?
P – put to another use (bruk til noko anna)
Undersøk mogelegheitene for å bruke noko til noko anna eller i ein annan samanheng.
Kan ein gaffel brukast som kam? Eller kan ei manet vere hatten til ei havfrue? Kan to halve eple brukast som hovudtelefonar?
E – eliminate (eliminer)
Vurder kva som kan fjernast eller reduserastt for å forenkle eller forbetre idéen.
Kva skjer viss du fjernar noko? Blir idéen dårlegare? Kan du gjere kompliserte former enklare? Kan du prøve med færre fargar?
R – reverse (snu opp ned på)
Tenk på korleis du kan reversere eller snu opp ned på innhald i idéen for å sjå om det kan gi nye perspektiv eller løysingar.
Kan opp vere ned? Kan bak vere fram? Kan barn vere vaksne og vaksne vere barn? Kan ein hund leie eigaren sin i band?

Øvingar
I skisseboka
Sett av ei halv side i skisseboka di til å forklare SCAMPER. Finn på ein liten illustrasjon til kvar av metodane.
Lag ein kollasj
Finn fram restar av ulikt papir, utklipp frå magasin og restmateriale du har tilgang på. Lag ein kollasj med utgangspunkt i ordet "rørsle".