Prøv ut lys-mørk-kontrasten - Kunst og visuelle verkemiddel 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Prøv ut lys-mørk-kontrasten

Lag ein enkel komposisjon og eksperimenter med lys-mørk-kontrasten. Bruk same komposisjon til å lage eit bilete i gråtoner og eit bilete med ein kulørt farge. Prøv å bruke same valørar (lysheitsgrad) i begge bileta.
  1. Lag ein enkel komposisjon.

    Fyll flatene med gråtonar med ulike valørar (lysheitsgrad).
    Skap spenning ved å setje lyse og mørke flater mot kvarandre.
  1. Bruk same komposisjon. Men no skal du bruke ein kulørt farge. Ved å blande inn kvitt eller svart, får du ulike nyansar. La fargeflatene ha same valør (lysheitsgrad) som gråtonane. Øv deg på å samanlikne valøren i fargenyansane med valøren i gråtonane.

  1. Viss du vil ha ei ekstra utfordring, kan du kombinere forskjellige fargetonar. Bruk framleis same komposisjon, men no skal du finne ulike kulørte fargar med same valør (lysheitsgrad) som gråtonane du brukte i det første biletet.

Relatert innhald

Fagstoff
Lys-mørk-kontrast

Kontrast mellom lyse og mørke fargar skapar spenning i ein komposisjon. Kontrasten mellom kvitt og svart gir den største kontrasten mellom lys og mørke.

Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 14.10.2024